– Vi brukar fargar og dyr for å illustrere resultatet av den psykiske testen. Og vi er omtrent som ein labrador, sa landslagssjefen på pressekonferansen i dag.
Norge møter Australia på fredag og reiser deretter til Albania for kamp måndag.
Lagerbäck fortalde at lagleiinga bad om svar på ein test blant spelarane måndag kveld – eit skjema med spørsmål om personlegdomen til spelarane.
– Det er ein ganske vanleg framgangsmåte. Vi fyller i skjema, får fram litt om personlegdomen. Det er ganske vanleg.
– Resultata var omtrent som vi trudde. Det er stor spreiing, men det verkar som at det er ei veldig vennleg, gruppe, seier Lagerbäck.
Han har tidlegare sagt at norske spelarar er for snille. Han ser at det har betra seg litt sidan i fjor.
– Det har blitt litt meir krut på den biten. Vi er blitt flinkare til å setje opp målsetjingar for å lykkast, seier han.
– Håpar dei er tøffare fredag
– Er det framleis for snilt?
– Ingen kliv fram som uformell leiar. Men det er betre enn i fjor. Eg håper dei viser på fredag at vi er blitt litt tøffare, seier han.
– Som dei amatørpsykologar vi er, har vi prøvd å jobbe med dette heile tida.
Landslagssjefen har sett spelarane på trening i to dagar. Han vil truleg ta ut laget i morgon kveld, men er langt frå sikker på om han vil offentleggjere det då.
Rune Almenning Jarstein er det klare førstevalet som keeper etter sine mange gode kampar for Hertha Berlin i Bundesliga i vinter. Likevel vil ikkje Lagerbäck seie at det ikkje er konkurranse om målvaktsplassen.
– Vi har sagt at alle skal ha ein sjanse. Det er ein konkurransesituasjon, og eg har siste ordet, seier Lagerbäck.
– Vil vere ein leiar
Jarstein er eldstemann i troppen og meiner han derfor har eit ekstra ansvar.
– Eg prøver å vere ein leiar på banen og bidra med det eg har av erfaring, seier 33-åringen.
Han trvst godt i Tyskland no, etter ein stabilt god sesong med enkelte kampar i den absolutte toppkklassen. Han har spela i Bundesliga i fire og eit halvt år.
– Der blir eg så lenge eg kan. Det er godt å spele kampar mot gode lag kvar helg.
Han er ikkje så veldig oppteken av at han blir skrytt opp i skyene og rekna som ein av dei aller beste.
– Mitt fokus er å gjere det best mogeleg i Hertha. Kåringar er eg ikkje så veldig interessert i, seier Jarstein.