Det er spesielt på wingate-testen – ein test som måler fysisk kapasitet på ein stasjonær sykkel – at Bøkko leverer. 11 watt per kilo i snitt er ikkje minst imponerande for ei kvinne.
– Eg har aldri sett nokon med høgare resultat enn det. Men ho kan klare meir, seier Bjarne Rykkje.
Han har vore trenar på toppnivå i Nederland og sett det meste – også av dei beste jentene. No er han ny trenar for det norske allround-landslaget.
– Kanskje har andre sett betre resultat. Men aldri eg, seier Rykkje, som flytta frå Norge til Nederland då han var to år gammal.
Testresultatet er også betre enn fleire av gutane på landslaget.
– Ekstremt vondt
NRK er med når Bøkko gjennomfører den såkalla wingate-testen Det er omtrent det hardaste ho går gjennom i den fysiske treninga
– Første gongen eg gjorde dette, skjøna eg ikkje sjølv at 30 sekund kunne gjere så vondt, seier Hege Bøkko etter økta på sykkelen.
– Det er godt å vere ferdig. Ein gruar seg litt, for ein veit det gjer ekstremt vondt, spesielt dei siste 15 sekunda.
Bøkko samanliknar det med ein 500-meter på isen.
– Det er hardt det også, men det er ein heilt annan måte vi får ut energien på. Då er 30 sekund lenge når vi maksar på sykkelen med mykje motstand.
– Men det er då berre 30 sekund det står på. Kan det gjere så vondt?
– Det kan du seie. Prøv sjølv.
Imponert OL-meister
Håvard Lorentzen tok gull både på 500-meter i OL og samanlagt i sprint-VM i vinter. Han er imponert.
– Hege imponerer på desse testane, særleg spenst og wingate. Der knuser ho fleire av oss gutta boys, seier Lorentzen.
– Ho knuser meg i spenst. Heldigvis slår eg henne i denne testen her, legg den olympiske meisteren til.
Vil bli betre teknisk
Skøyter er langt meir enn fysiske testar, men testane betyr ein heil del.
– Det er gøy å teste bra, og spesielt når han ikkje har sett nokon med betre testar, seier Bøkko.
– Og ikkje minst er det gøy å slå gutta på noko, smiler ho.
Likevel meiner Hege Bøkko at ho framleis har mykje å gå på, spesielt når det kjem til det tekniske.
– Men det jobbar vi med kvar einaste dag, seier skøyteløparen.
Ho tok sin første pallplass i verdscupen sist sesong, då ho vart nummer to på 1000-meter i Erfurt.