– Det er mogleg eg burde ha tipsa vidare, seier Slokvik til NRK.
I mai avslørte NRK at den permitterte IBU-presidenten Anders Besseberg antyda at Russland fekk VM i 2021 ved hjelp av korrupsjon.
Rykta om ureint russisk trav ved avstemminga i 2016 kunne også Norges skiskyttarpresident Erlend Slokvik langt på veg stadfeste.
Han blei fortalt av eit anna forbund at dei hadde blitt tilbode pengar av Russland for ei stemme, men hadde takka nei.
– Beklageleg
Det internasjonale skiskyttarforbundet ber folk om å melde frå om dei opplever korrupsjon, men for Slokvik blei dette vanskeleg.
– Sjølvsagt burde dette ha blitt meldt inn, seier skiskyttarpresidenten.
– Men når eg fekk denne informasjonen fortruleg kan eg ikkje gjere anna enn å be vedkommande seie frå til dei som treng informasjonen.
Slokvik fortel at han prøvde å overtale personen som kom med korrupsjonshistoria.
– Han fortalde det til meg, men han ville ikkje gå vidare med det. Han ville ikkje prate med nokon om det då eg sjekka. Det er beklageleg, seier Slokvik.
– Kva ansvar har du når du får vite om det?
– Det er å prøve å få dei som eventuelt har blitt tilbode noko å gå vidare med det, og rapportere. Det blir andrehandskjennskap for min del, og då har eg ingen dokumentasjon.
– Du føler ikkje ansvar sjølv?
– Nei. Det er umogleg for meg å gjere noko. Om nokon har sagt noko til meg, så kan eg ikkje bevise noko. Det blir berre eit rykte. Det held ikkje, seier Slokvik.
– Kan ha tatt imot noko tidlegare
IBUs pressesjef Christian Winkler støttar Slokvik i at det er vanskeleg for den norske skiskyttarpresidenten å melde inn.
– Vi oppfordrar alle til å varsle, men det må nok underbyggast av konkrete bevis, seier Winkler.
Slokvik har også kontakta personen som kom med korrupsjonshistoria i ettertid for å sjekke om vedkommande vil gå ut med historia, men har ikkje lukkast med å overtale vedkommande.
– Er det frykt som gjer det vanskeleg å varsle?
– Det kan det vere. Eg veit ikkje kva som ligg bak. Dette er mindre nasjonar som kan ha tatt imot noko tidlegare, og så er dei redde for å snakke om det, seier Slokvik til NRK.