Espen Lie Hansen var ikkje utpå i det heile i første omgang i kampen i Köln. Men då andre omgang var i gang, var nordmannen på bana. Og på utruleg kort tid blei 13–16 til 16–16. Målscorar var Espen Lie Hansen alle gongane.
Kampen var den aller første heilfranske meisterligafinalen – Montpellier frå Middelhavet mot Nantes frå den nordvestlege delev av landet.
Det byrja godt for Nantes mot Montpellier, og dei leia tidleg 5–3. Men Montpellier kom tilbake og sikra seg tremålsleiing som dei heldt til pause. Då stod det 16–13 til Montpellier.
Så var det duka for Espen Lie Hansen. Tre gonger på dei første minutta i andre omgang sende han ballen i nota, og det var 16–16.
Men det stoppa der. Montpellier skrudde opp tempoet. Nantes hang ikkje heilt med, og blei jagande etter heile omgangen. Dei var oppe på 24-24, men så slo Montpellier til med fem strake utan Nantes-kvittering.
Hansen blei sett på benken igjen midtveges i omgangen.
Det enda med 32–26 til Montpellier.
Då var løpet køyrt for Nantes, som i gå slo ut sjølvaste Paris Saint-Germain i semifinalen. Montpellier tok sin andre meisterligatriumf, 15 år etter det første.
Det blei med dei tre raske måla for Espen Lie Hansen. Og når målvakt Cyri, Dumoulin heller ikkje var i nærleiken av det han viste i semifinalen i går, der Espen Lie Hansen ikkje spela, blei Nantes for lette. Dumoulins redningsprosent i dag var berre 21.
Montpelliers Diego Simonet og Ludovic Fabregas, saman med Nantes' Kiril Lazarov, blei toppscorarar i finalen med 6 mål.
Den siste nordmannen so m har vunne ein meisterligafinale er dermed framleis Børge Lund, for Barcelona i 2010.