Offentleggjeringa sist veke av detaljerte referat frå tre styremøte i fjor viser ein organisasjon i eit kaos utan sidestykke. Alle tre møta var prega av munnhoggeri, heftig diskusjon om presidentens oppførsel, og skuldingar om utpressing.
Den eigenrådige russaren Kirsan Iljumzjinov har kome fullstendig på kant med resten av styret i det internasjonale sjakkforbundet FIDE. Derfor krev styret i ein resolusjon at presidenten trekkjer seg frå vervet straks.
Men Iljumzjinov nektar.
Det er hovudsakleg to konkrete ankepunkt mot Iljumzjinov:
- I 2015 blei han svartelista av det amerikanske finansdepartementet på grunn av kontakt med Syrias president Assad. Det har ført til at FIDEs sveitsiske banksamband UBS har sagt opp kontakten med forbundet med verknad frå 30. april. Ingen annan bank vil ha noko med organisasjonen å gjere.
- Det andre ankepunktet er Iljumzjinovs forsøk på å presse medieselskapet World Chess, som han meiner skuldar FIDE 500.000 euro, ei gjeld World Chess seier ikkje finst.
Lovar VM-kamp
Mot slutten av styremøtet i 26. mars i fjor tok Iljumzjinov opp gjelda han meinte Agon, no World Chess, har til FIDE. Visepresident Grigori Makropolous kallar dette «ei utpressing som han ikkje vil vere med på».
– Vi har inga gjeld til FIDE, slår Ilja Merenzon i medieselskapet World Chess – tidlegare Agon – klinkande klart fast i ein e-post til NRK.
– Og eit banksamband er heilt nødvendig for FIDE, seier Merenzon vidare.
World Chess har kjøpt alle rettane til Magnus Carlsens VM-kamp i London i november, og understrekar at alle utgiftene utanom prispengane er betalt.
– Prispengane har vi kontroll på. Dei blir normalt overført til FIDE, men om dei ikkje har banksamband, vil vi plassere dei ein annan stad under overvaking, seier Merenzon.
– Men det vil uansett ikkje gå ut over Magnus Carlsens VM-kamp i haust, lovar han.
Begge vil bli president
Russiske Kirsan Iljumzjinov har vore president i FIDE i 23 år. Også visepresidenten er omstridd. Makropolous er gresk, og FIDE-administrasjonen ligg i Aten.
– Det er nok rett å seie at han har kuppa administrasjonen, seier NRKs sjakkekspert Atle Grønn.
Makropolous stadfester at han stiller som presidentkandidat på kongressen i oktober. Det gjer også Iljumzjinov, som har blitt latterleggjort for sine historier om kommunikasjon med romvesen.
– Det blir eit val mellom to vonde, seier Grønn.
Han trur ikkje stoda i FIDE blir særleg endra uansett kven av dei to som vinn valet i haust.
– Iljumzjinov og Makropolous har styrt FIDE i over 20 år og stort sett dratt i same retning. Men i det siste har dei vendt seg mot kvarandre.
Carlsens manager Espen Agdestein sa tidlegare i år til NRK at det er alvorleg at sjakkpresidenten er på USAs sanksjonsliste.
– Vi føler at situasjonen er kaotisk.
– Treng FIDE og internasjonal sjakk ein ny president?
– Mykje tyder på det, svarar Agdestein.
– Ikkje dramatisk
Norges Sjakkforbund – som er medlem av FIDE – tar dei det heile med ro.
– Våre informasjonar indikerer at det ikkje blir dramatisk, seier generalsekretær Geir Nesheim til NRK.
Nesheim vil ikkje seie noko om korleis Norges Sjakkforbund vil stille seg ved presidentvalet.
– Det skal vi sjå på når kandidatane er klare og det nærmar seg kongressen.