– Det er utan sidestykke. Ho har scoringsrekorden i ein meisterligasesong. Dette er toppen på prestasjonshimmelen når det gjeld fotball, seier Lise Klaveness.
NRKs fotballekspert gir Ada Hegerberg stempelet som tidenes spelar på kvinnesida etter 22-åringens 15. meisterliga-scoring, som i tillegg avgjorde finalen mot Wolfsburg.
Scoringa kom på ein overgang der Hegerberg enda opp aleine med keeper, og fekk eit litt sleivete treff på ballen.
– Det kan sjå enkelt ut å score i den situasjonen, men alle som har vore i den situasjonen veit kor vanskeleg det er, seier Klaveness.
Hegerberg var ekstatisk etter sitt eige 3-1-mål i kampen der Lyon til slutt vann 4-1.
– Vi er best i Europa igjen. Eg er skikkeleg stolt. Det er heilt rått!, seier Hegerberg til Viasat etter meisterligafinalen i Kiev.
– Den største i histoira
Laget er Europas beste for tredje året på rad, og sjølv om Hegerberg var relativt usynleg inntil ho scora i første ekstraomgang, meiner Klaveness at den norske spissen totalt sett har levert godt nok til å kunne kalle seg historias beste spelar.
– Om ein skal samanlikne må ein halde seg til historiske fakta, og der har Hegerberg slått rekordar og bidratt til store triumfar. I ei verd der resultat betyr alt er er Ada Hegerberg den største, seier Klaveness.
– Styrka ut av landslagskonflikten
Hegerberg har sagt nei til å spele for Norge etter konflikt med landslagsleiinga. Etter landslagsexiten opplevde 22-åringen ein periode med støy og press.
At scoringssnittet på klubblaget har vore høgt også etter konflikten imponerer Klaveness.
– At ho skulle vere så rå gang etter gang og vere så mentalt sterk etter motgang er overraskande med einkvar person. Det er fascinerande å vere vitne til.
22-åringen har fleire titlar enn dei fleste kan drøyme om i løpet av ei karriere. Klaveness er sikker på at tittelsankinga ikkje stoppar med det første.
– Eg klarar ikkje sjå for meg at Hegerberg vil forsvinne sakte ut frå prestasjonstoppen. Ho går inn i alt med full innsats. Det vil nok bli skrive mykje om karriera hennar uansett kva retning ho tar, seier Klaveness etter Hegerbergs tredje meisterligatittel.