Frå komande sesong vil 19-åringen igjen bli norsk i langrennssporet, melder den koreanske nettstaden yonhapnews.co.kr.
– Det var ei uunngåeleg avgjerd for meg for å bli ein betre utøvar, seier Magnus Kim. – Eg er lei meg for det overfor alle som har hjelpt meg her i Korea.
Magnus Kim har koreanske mor og norsk far. I 2015 bestemte han seg for å satse for Sør-Korea, med OL på heimebane i Pyeongchang i februar i år som det store målet.
På vegen blei han den første koreanar med internasjonale langrennsgull i ungdoms-OL på Lillehammer i 2016, der han hjelpte Sør-Korea til å bli nest beste nasjon. Same året tok han sølv på sprinten i junior-VM, berre slått av Johannes Høsflot Klæbo.
I Asia-leikane i fjor tok han tre medaljar.
Det gjorde han nærmast til superstjerne i Korea før OL i vinter. Men der uteblei suksessen, med plasseringar på 40-talet i alle tre øvingane han stilte opp i.
Han seier at han ikkje har sjansar til å utvikle seg meir i Sør-Korea, der støtteapparatet er lite.
– Om eg trudde eg kunne kome lenger i Korea, hadde eg gjort det. Men eg trur ikkje det vil vere mogeleg. Å halde fram med å konkurrere for Korea, hadde gjorde framtida mi usikker, seier Kim.
– Kan du kjempe om framtidige OL-gull når du går for Norge?
– Absolutt.
Inspirert av Klæbo
Kim seier han har blitt inspirert av to år eldre Johannes Høsflot Klæbo, som tok tre gull i Pyeongchang.
– Vi var på same nivå som juniorar. Eg trur eg også har sjanse til å kjempe i toppen, seier han.
Magnus Kim legg heller ikkje skjul på at det har vore usemje og gnisningar på ein del punkt mellom han og det koreanske skiforbundet.
– Det har vore tider då eg ikkje har kunna konsentrere meg fullt ut om trening og konkurransar. Men eg håpar likevel at eg kan hjelpe koreansk skisport på ulikt vis, sjølv om eg konkurrerer for Norge, seier Magnus Kim.
Ifølgje nettstaden chosun.com vil han invitere unge og lovande langrennsløparar til Norge for å trene.