Det enda 5–2. Men dei to baklengsmåla i sluttminutta av kampen gav Roma håp framfor returkampen.
Før det hadde Liverpool scora fem mål i løpet av 33 speleminutt – frå det 36. til det 69.
– Det vi gjorde, var imponerande. Vi veit begge at det er vanskeleg å spele mot italiensk forsvar, sa Liverpool-trenar Jürgen Klopp.
– Løpa i bakrommet kom i dei perfekte augneblinkane. Vi kunne scora fleire, utruleg nok. Dei må spele offensiv fotball mot oss, og då må dei forsvare seg mot kontringar, noko som er vanskeleg, seier han.
– Vi starta godt, men mista hovudet, seier Roma-trenar Eusebio di Francesco.
– Men dei to måla vi fekk på slutten gjer at vi har trua på eit comeback.
Alvorleg skade
– Det største problemet vi har etter kampen er at vi mista Oxlade-Chamberlain, det er ein alvorleg skade, seier Klopp.
Virgil van Dijk var nøgd med at laget scora fem gonger.
– Vi scora fine mål, men å sleppe inn to mål på slutten er ikkje akseptabelt, sa Virgil van Dijk etter kampen. Han var misnøgd med avslutninga som gav Roma to mål og håp.
– Han gjer det fantastisk for oss, seier van Dijk om Mohamed Salah.
Det tok omtrent 20 minutt før han var skikkeleg i gang, men deretter terroriserte Mohamed Salah klubben han kom frå i fjor.
Salah oppe i 43 mål
Først mista Roma ballen og var i ubalanse då dommaren ikkje dømde frispark. Salah limte ballen i motsett kryss. Og i omgangens siste sekund lobba han ballen over Roma-keeper Alisson til 2–0 ved pause. Han er oppe i 43 mål denne sesongen.
– Han har ei sjølvtillit av ei anna verd. Denne historia er nesten skriven på førehand, sa Vålerenga-trenar Ronny Deila i pausen under sendinga til Viasat 4.
Ti minutt etter pause var det servitøren Salah som viste seg fram. Han la vakkert inn til Sadio Mané, som var glad for nettkjenning etter å ha brent fleire store sjansar før pausen.
Og rett etterpå var Salah på rett plass til rett tid igjen. Målet var omtrent ferdigscora då Roberto Firmino sette ballen i nettet.
Først på det femte var ikkje Salah involvert. Firminio sette skallen til ein corner frå James Milner.
Gjett om egyptaren fekk ståande applaus då han blei bytta ut knapt 20 minutt før full tid. Då gira også Liverpool kraftig ned, og måtte betale med to baklengsmål i dei siste minutta av kampen.
Roma-kanon i tverrliggaren
Men det begynte ikkje så bra for Liverpool. Alex Oxlade-Chamberlain måtte berast ut på båre med det som såg ut som ein stygg kneskade. Og like etterpå smelte Aleksandar Kolarov ein 25-meterskanon i tverrliggaren.
Deretter blei kampen eit mareritt for romarane. Heilt til det stod att ti minutt. Då vakna Roma. Edin Dzekos redusering såg ut som eit trøystemål. Men då Jamie Milner handsa og Diego Perotti sette inn straffa like etterpå, fekk Roma håp.
– Straffen var tvilsam. Men vi ser positivt på det, og kan straffe dei på kontringar i returkampen, seier Liverpool-kaptein Jordan Henderson.
For med to bortemål vil Roma gå til finale med 3–0 heime. Og det var akkurat det dei greidde mot Barcelona i kvartfinalen.
Roma pressa sterkt for endå eit reduseringsmål i dei siste minutta, men er nok nøgd med to bortemål etter medfarten dei fekk tidlegare i kampen.
Finalen går i Kiev 26. mai.
PS: Liverpool er det andre laget i meisterligaens historie som scorar 5 mål i ein enkeltkamp i ein semifinale, ifølgje statistikk-kanalen Gracenote. Sist det skjedde var i 94/95-sesongen då Ajax slo Bayern München 5–2.