Los Angeles FCs norske spelar gjekk sjølv ut med melding på Instagram etter kampen onsdag, der han skriv at ein motspelar kalla han med "n-ordet" under kampen.
Det er ikkje kjent kva for spelar som skal ha kome med dei rasistiske kommentarane.
– Men spelaren er innrapportert, seier Diomande ifølgje deadspin.com.
– Det er første gongen eg har opplevd det i kamp, skriv Diomande i instagram-meldinga.
Saka har vekt oppsikt i amerikanske media, og Portland har svara med å setje i gang ei gransking av episoden.
– Vi granskar saka aktivt, og vil kome med meir informasjon når vi har det, skriv klubben i ei pressemelding.
– Verken klubben eller nokon med tilknyting til klubben vil akseptere diskriminerande eller respektlaus oppførsel av noko slag og i nokon samanheng. Det reflekterer ikkje verdiane for klubben, heiter det vidare i meldinga.
Klubben skriv at det er Major League Soccer som skal leia granskinga, sjølv om det ikkje var dei som organiserte cupkampen.
Diomande kom inn som innbytar midt i andre omgang i cupkampen som hans lag vann 3–2. Episoden skal ifølgje espn.com ha skjedd i samband med ein samanstøyt heilt mot slutten av kampen.
Portland har elles levert protest på kampen, fordi dei meiner Los Angeles FC har for mange utanlandske spelarar i troppen. Cup-reglementet seier at ein klubb maks kan bruke fem utlendingar.
Diomande kom til Los Angeles FC frå engelske Hull City i vår, og blei i mai kåra til månadens spelar i MLS. Tidlegare Stabæk-trenar Bob Bradley er trenar for klubben.