Mexico-stjerna og troppens kaptein Rafael Márquez er nemleg på svartelista til det amerikanske finansdepartementet. Det betyr at ingen som har tilknyting til amerikansk økonomi, har lov til å ha noko med han å gjere.
Årsaka er mistankar om at Marquez skal ha nære band til minst ein av dei meksikanske narkobaronane, Raúl Flores Hernández, og hjelpt til med kvitvasking av pengar, skriv New York Times.
Han kom på den frykta svartelista i august i fjor, og alle hans verdiar i USA er sperra.
Nektar alt – ikkje formelt mistenkt
Marquez sjølv nektar for noko slags form for kontakt med narkotika-baronane. Han er heller ikkje formelt mistenkt eller sikta for noko. Likevel har finansdepartementet sett han på lista.
Márquez har hyrt inn fleire advokatar for å reinvaske seg sjølv.
Likevel vil ingen amerikansk sponsor ha noko som helst å gjere med Márquez, som etter mange år i klubbfotball i Europa og USA no er tilbake i heimlandet og klubben Atlas frå Guadalajara, der han starta karrieren i 1996.
For Marquez sjølv og den meksikanske troppen får dette store praktiske konsekvensar:
- Han må få drikkevatn frå andre flasker enn dei som resten av troppen brukar, fordi dei er sponsa av eit amerikansk konsern.
- Av same grunn får han ikkje bruke det same treningstøyet som lagkameratane.
- Han kan ikkje intervjuast framfor tavla med alle sponsorlogoane, slik som dei andre spelarane. For fleire av dei er konsern med base i USA, og dei kan få millionbøter for den minste kontakt med Márquez
- Han kan ikkje bu på hotell som høyrer til USA-baserte kjeder, og må derfor ofte bu på andre hotell enn lagkameratane.
- Han får ikkje fly med USA-eigde flyselskap. Det skaper også praktiske problem for laget.
- Uansett kor godt han spelar, kan han aldri bli offisielt kåra til kampens bestemann. Den utmerkinga er nemleg sponsa av eit amerikansk ølmerke.
- Då FIFA utbetalte 1,5 millionar dollar for førebuingane til VM – som dei gjorde til alle VM-deltakarane – måtte dei for det første veksle om til euro, for det andre bruke bankar som ikkje har samband med USA.
Straffene er strenge for amerikanske selskap som har noko som helst å gjere med dei som står på departementets svarteliste. Straffa kan bli bøter på fleire millionar dollar, og inntil 30 års fengsel for dei som medvite bryt reglane.
Kom med i siste liten
– Vi kjenner godt til det som skjer, og vi har tett kontakt med det meksikanske forbundet, seier FIFA.
– Vi tek situasjonen alvorleg, heiter det i ei fråsegn frå Mexicos fotballforbund, som sjølv har forretningsinteresser i USA, og som skal samarbeide tett med naboen i nord om VM i 2026.
Problema omkring Márquez blei så store at han var ute av VM-troppen til like før påmeldingsfristen gjekk ut.
Men heime i Mexico er 39-åringen umåteleg populær, derfor blei han teken inn i varmen i tide til å kome med til VM.
Søndag blei den populære midtstopparen historisk som ein av tre som har spela i fem VM.
Rafael Márquez var innbytar då Mexico opna med 1–0 over Tyskland. Han har spela 146 landskampar sidan debuten i 1997. På klubbplan spela han sju sesongar for Barcelona på høgda av sin karriere.