Høgdepunktet var nemleg Guro Reitens lobb nesten frå midstreken, og som gav sluttresultatet 5–0.
– Vi snakka faktisk om det i pausen at keeper ofte stod litt langt ute. Då eg såg ho gjorde det, så «drylte» eg til, seier Reiten til NRK med eit godt glis.
– Var du sikker på at den skulle gå inn?
– Nei, eg trudde ikkje det heller med det same. Ikkje før eg såg at ballen rulla i nettet. Det var digg, seier tomålsscoraren.
Reiten sette også inn LSKs tredje mål. Nummer to og fire var det Sophie Roman Haug som stod for.
Ingrid Engen blei einaste målscorar i første omgang.
Video: Sjå alle måla frå kampen:
– Tar kvinnefotballen til eit høgare nivå
– Vi viste at vi er betre trena. Vi valsa over Vålerenga i andre omgang, dei hadde ingenting å by på. Vi kunne scora fleire mål, vi, seier Reiten.
– Men det tar tid å spele inn eit nytt lag. Dei kjem nok sterkare etter kvart.
– LSK tar kvinnefotballen gong på gong til eit høgare nivå, sa NRKs ekspert Lise Klaveness.
LSK-trenar Hege Riise seier at LSK fekk ein vekkar i kampane mot Manchester City i meisterligaen i november. Det blei 0-5 heime, og langt meir knipe 1-2 borte i åttedelsfinalen.
– Vi fekk ein vekkar på fysikk og kapasitet, og det la vi til grunn då vi planla sesongoppkøyringa i vinter. Det var meir trening og meir sprinting. Vi har sett det på treningskampane og, at i andreomgangane våre har vi greidd å feste eit grep om motstandarane, seier Riise.
– Og det gir dei ein enorm sjølvtillit å vite, supplerer Klaveness.
Nyopprykka Lyn vann første kamp
I dei andre kampane i seriestarten overraska nyopprykka Lyn med 2–1 i bortekampen mot Røa. Camilla Linberg og Jenny Røsholm Olsen scora for Lyn før pause, Vilde Bratland reduserte for Røa på overtid.
Grand Bodø, som sikra ny sesong i Toppserien, opna med 2–1 over Trondheims-Ørn. Lisa Naalsund scora begge då Arna-Bjørnar vann 2–1 på Klepp.
Marit Bratberg Lund blei jenta som scora først i Toppserien i 2018. Ho blei matchvinnar for Kolbotn som slo Sandviken 1–0 i Bergen.