Den no 33 år gamle angriparen frå Madeira står med 84 mål på 151 landskampar for Portugal.
Dei færraste blir kanskje overraska over at mannen som vart kåra til verdas beste fotballspelar i 2008, 2013, 2014, 2016 og 2017 har eit scoringssnitt på 0.56 på landslaget.
Langt meir imponerande er det at Ronaldo har scora 33 mål på 32 landskampar etter at han fylte 30 år. Det vil seie eit scoringssnitt på 1.03 mot 0.44 før fylte 30.
– Har lenge igjen
Høvesvis 51, 42 og 44 klubbmål i dei tre sesongane etter at han fylte 30 år tyder heller ikkje på at den portugisiske maskinen har roa seg med åra. Ei heller at han i det same tidsrommet både har blitt europameister med Portugal og vunne Champions League med Real Madrid tre gonger.
– Akkurat no er den biologiske alderen min 23 år, sa Ronaldo til det spanske TV-programmet El Chiringuito i mai.
Og den portugisiske landslagskapteinen har ingen planar om å legge opp med det aller første.
– Eg har framleis lenge igjen som fotballspelar. Eg kan spele til eg er 41 år, varslar storscoraren.
Sjå Ronaldo sine tre mål mot Spania her:
Ronaldo scorer på straffe
Ronaldo scorer på straffe
0:22Costa utligner
0:13Kjempesjanse for Spania!
0:11Nydelig spill av Spania
0:112-1 Ronaldo! David De Gea med keepertabbe
0:08Diego Costa utligner til 2-2!
0:12Nacho svarer kontant, og Spania er i ledelsen!
0:13Ronaldo med hat-trick
0:39
Låg feittprosent, høg muskelmasse
Avisa AS viser til oppsiktsvekkande data som kan forklare kvifor Ronaldo framleis klarer å prestere på eit ekstremt høgt nivå.
Han har ein feittprosent på berre 7. Det normale for fotballspelarar er 10 eller 11. Ronaldo har også ein muskelmasse på 50 prosent. Det er ikkje normalt å overstige 46 prosent.
Kjetil Wæhler, som i ein alder av 42 år kjempar om opprykk med Sogndal, synest det er artig at Ronaldo gjer det såpass godt til eldre han blir.
– Ronaldo er eit ekstremt tilfelle. Eg er svært imponert over den fysiske kapasiteten hans og korleis han ser ut. Ronaldo sluntrar nok ikkje unna. Så han kan halde på i mange år til, spår den tidlegare landslagsstopparen.
– Han kan gå lei
Men om Ronaldo faktisk held det gåande på det ypparste toppnivået til han er 41 år er den tidlegare landslagsstopparen meir usikker på.
– Ronaldo er neppe den første som gir seg. Om han er smart og prioriterer godt kan han halde på lenge. Han vil neppe kome til å legge opp fordi belastninga blir for stor. Spørsmålet er om han gir seg før eller seinare fordi han rett og slett går lei, seier Wæhler.
PS. I dag kan Portugal ta eit langt steg mot åttandedelsfinalen om dei slår Marokko. Kampen går på NRK klokka 14.00.