– Om VAR skal fungere må det nyttast på rett måte. I fleire land blir VAR nytta i så stor grad at det øydelegg kampane. Det øydelegg flyten. Supporterane forstår ikkje kva som skjer, seier Rösler til NRK.
VAR betyr videoassistert dømming. For mange norske TV-sjåarar blir årets VM første gongen dei ser denne typen dømming, som er innført i enkelte ligaar. VAR fungerer slik at hovuddommaren kan velje å nytte seg av videoassistanse i kampavgjerande situasjonar som straffespark og raude kort.
- Les også: Slik fungerer VAR
– Snytt for to straffer
Så langt i VM har lag som Frankrike, Peru og Sverige fått straffespark som følgje av den nye teknologien.
Mange har hylla VAR for at det blir gitt korrekte straffespark i situasjonar der spelet tidlegare hadde gått vidare. Men Uwe Rösler er altså ikkje blant dei.
– Eg er veldig open for teknologi i fotball. Til dømes er eg veldig glad for mållinjeteknologien, som er 100 prosent korrekt. Men eg er nok ikkje den største supporteren av VAR, vedgår han.
Og utdjupar:
– Det skjer også at systemet blir nytta for sjeldan. Til dømes skulle England ha hatt to straffespark mot Tunisia. Sjølv med VAR blir ikkje alt korrekt. Så eg trur det er betre å la dommarane sjølve gjette kva dei skal gjere i ulike situasjonar enn at dei i videorommet skal gjette, seier Rösler.
Dommarsjefen i NFF, Terje Hauge, er derimot strålande nøgd med korleis VAR har fungert i VM så langt. Han påpeikar at VAR ikkje skal dømme fotballkampane, men luke ut openberre feil og hindre skandalar.
– Vi kan ikkje ha for mange stopp i kampen heller. Men til nå meiner eg at dommarane har brukt teknologien perfekt. Dei har berre stoppa kampar ved kampavgjerande situasjonar for å unngå skandalar. Kampane lever og har framleis det same engasjementet i seg, seier Hauge.
Negative erfaringar
Nyleg vart Uwe Rösler tilsett som trenar i den svenske toppklubben Malmö. Tidlegare har Rösler trena Lillestrøm, Viking, Molde, Brentford, Wigan, Leeds og Fleetwood Town.
– VAR vart testa ut i FA-cupen då eg møtte Leicester som Fleetwood-trenar. Det slo negativt ut for oss den gongen, fortel Rösler.
Leicester vann omkampen i tredje runde 2–0 16. januar. Ein månad seinare fekk Rösler sparken som Fleetwood-trenar.