– Dei er svært vingeklippa. Det manglar bare at utøvarane ikkje får lov til å konkurrere. I alt det andre er dei sett fullstendig på sidelinja, seier NRKs skiskyttarekspert Ola Lunde.
Som VG omtala tirsdag inngår ikkje Russland i konkurranseprogrammet i skiskyting dei to neste åra.
No opplyser Det internasjonale skiskyttarforbundet (IBU) til NRK at Russland også blir nekta stemmerett og plass i alle sentrale maktposisjonar i IBU.
– Dei kan ikkje ha medlemmar i styret eller teknisk komité dei fire neste åra. Dei har ikkje rett til å stemme ved neste kongress eller nominere nye medlemmar fordi dei ikkje er eit fullverdig medlem av IBU, seier Christian Winkler, som er presseansvarleg i IBU.
– Mistar kontakt med sporten
Dette kjem som følger av den store, russiske dopingskandalen, som ifølge McLaren-rapporten involverer eit statsstyrt dopingprogram i åra før Sotsji-OL.
Skiskyting er ein av russlands mest populære idrettar. Utan makt til å påverke går nasjonen tunge år i møte, meiner Lunde.
– Det gjør at Russland blir svekka som ein av dei store skiskyttarnasjonane. Det er alltid svært viktig for dei store nasjonane å vere i styret og i teknisk komité. Dette er kritisk for den russiske skiskyttarorganisasjonen, seier Lunde.
– Korfor er det viktig å vere med i styret og teknisk komité?
– Dei får ikkje sjansen til å påverke slik at dei får verdscup og VM. Dei får heller ikkje påverke utviklinga og regelendringane i sporten, seier Lunde.
– Dei mistar litt av kontakten med sporten ved å ikkje sitte i styret, seier Erlend Slokvik, president i Norges skiskyttarforbund.
Russlands skjebne i andre nasjonar sine hender
Ved neste kongress i Kroatia i september blir det også opp til Norge og dei andre medlemslanda om Russland får tilbake sin status som fullverdig medlem.
Norge har enno ikkje bestemt seg for om dei vil støtte Russland, men har konkludert med at eitt krav må vere innfridd om dei skal vere med på å gjere russarane til fullverdige medlemmer igjen.
– Dei må få WADA-godkjenning, som først og fremst går på at Russlands antidopinglaboratorium blir godkjent av Verdas antidopingorganisasjon. Det er faktoren vi meiner bør vere oppfylt, seier Erlend Slokvik, president i Norges Skiskyttarforbund.
Russland arrangerte verdscup til store protestar i vinter. Fleire nasjonar boikotta konkurransane i Tjumen.