Hopp til innhold

Snart slutt for prinsesselaget etter 44 år

Prinsesselaget på Landsskyttarstemnet kan snart vere historie. Kvinnene har blitt for gode.

Mette Elisabeth Finnestad

SKEPTISK: Mette Elisabeth Finnestad blei Norges første skyttardronning. Men ho er imot at prinsesselaget blir tatt heilt bort.

Foto: NRK

– For meg blir det litt rart å ta prinsesselaget bort. Eg synest dei skulle halde fram med det, seier Norges første skyttardronning, Mette Elisabeth Finnestad.

Ho blei den aller første skyttardronninga, i 2006, og er ikkje glad for at prinsesselaget no truleg blir teke heilt bort.

– Målet var å kome på prinsesselaget då eg tok til å konkurrere. Det blir litt trist dersom dei skal kutte det heilt ut, seier Finnestad.

Initiativ frå kvinnene

Styret i DFS gjekk denne veka samrøystes inn for å avvikle prinsesselaget frå og med Landsskyttarstemnet i 2019. Det er skyttartinget 2. august som skal ta den endelege avgjerda.

– Det har blitt fleire og fleire kvinner i kongelaget dei siste åra, og verdien av eit eige prinsesselag har derfor blitt mindre, seier generalsekretær Jarle Tvinnereim i Det Frivillige Skyttervesen (DFS) til NRK.

Kommunikasjonssjef Terje Westvik opplyser at initiativet har kome frå fleire av dei beste kvinnene.

– Dei meinte rett og slett at det var nedverdigande med eit eige lag når dei er fullt på høgde med mennene, seier Westvik.

Det har blitt kåra skyttarprinsesse sidan 1955, og frå 1974 har dei beste fått skyte i eit eige finalelag. På den tid var det langt mellom dei kvinnelege skyttarane. Føremålet var å få fleire kvinner med.

– Då ville DFS setje større fokus på kvinnene, og oppretta derfor eit eige finalelag for dei beste, og for å kåre prinsessa, seier Tvinnereim.

I dag tel kvinnene over 25 prosent av dei aktive skyttarane.

Suksess

Det blei suksess – så stor suksess at kvinnene snart gjorde store innhogg i kongelaget. Den første kvinna kom til kongelaget i 1983, og 2000 var det siste året det ikkje var ei einaste kvinne der. I fjor var fem av 15 skyttarar i kongelaget kvinner, og Katrine Aanestad Lund var best av alle og blei dronning.

I staden for prinsesselaget skal det opprettast eit «nest beste-lag», med skyttarane som er nummer 16 til 30 etter den innleiande skytinga. I kongelaget skal som før dei 15 beste skyte.

– I desse laga skal kvinner og menn delta på like fot. Dermed blir begge dei to beste laga kjønnsnøytrale, seier Tvinnereim.

Finnestad meiner likevel dei burde behalde prinsesselaget.

– Eg ser argumenta til dei som vil ha det vekk. Men det er litt stas med eit eige jentelag, seier den tidlegare skyttardronninga.

Titlane prins og prinsesse blir ikkje fjerna i denne omgang. Kongelaget skal også heite kongelag ei stund til, fordi det er kongepokalen det skal kjempast om.

  • Slik var prinsesselaget på Landsskyttarstemnet på Os i 1977:
Her avgjøres det hvem som blir landsskytterprinsesse i 1977.

Siste nytt

  • Casper Ruud til finale i Barcelona

    For andre gang på en uke er Casper Ruud klar for finale. Han vant 7–6 (8-6), 6–4 mot argentinske Tomas Martin Etcheverry i ATP-turneringen i Barcelona.

    I søndagens finale venter Stefanos Tsitsipas eller serbiske Dusan Lajovic.

    Casper Ruud
    Foto: JOSEP LAGO / AFP
  • Karina Sævik ble Vålerenga-helt med to perlemål

    Karina Sævik scoret begge målene da Vålerenga slo Røa 2-0 i Toppserien lørdag ettermiddag. De blåkledde fra Oslo øst står med to seirer etter to kamper i Toppserien.

    Onsdag vanter nok et lokaloppgjør for VIF når Stabæk kommer på besøk.

    Toppserien fotball 2023: Vålerenga - LSK Kvinner
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Hansen og Barcelona med kjempesmell i semifinalen

    Caroline Graham Hansen og Barcelona er storfavoritter til å vinne mesterligaen, men røk på et bananskall i første semifinalekamp mot Chelsea. Det endte med 0-1-tap.

    Erin Cuthbert ble kampens eneste målscorer like før pause, og de blåkledde tar med seg en 1-0-ledelse til returoppgjøret i London neste lørdag.

    Chelseas Guro Reiten kom inn som innbytter på overtid, mens Ingrid Syrstad Engen ble byttet ut etter en drøy time. Hansen spilte hele kampen for Barcelona.

    Spain Soccer Champions League
    Foto: Jose Breton / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal