– Det er fantastisk bra. Eg trur Norge er på rett veg. Det var eit utruleg resultat på Island, og dessutan vann dei i dag. Dei spelte veldig bra i første omgang, seier Sven Göran Eriksson til NRK.
Svensken har nettopp sett Norgre slå Panama 1-0 på Ullevaal. Sidan slutten av mars har Norge slått tre VM-klare nasjonar.
Du treng kanskje ikkje vere rakettforskar for å skjønne at det er bra, men Svennis ville kanskje ikkje sagt dette om Norge stod med tre tap mot Australia, Island og Panama:
– Eg trur Norge kan kvalifisere seg til meisterskap. Det er ei ganske bra spelargruppe. Eg trur Norge har ein veldig god sjanse til å spele EM neste gang, seier svensken.
King: – Surt å dra på ferie
Matchvinnar King synst det er bittert at Norge må snakke om sjansar for å kvalifisere seg for EM om to år når det snart er VM.
– Det er litt surt at vi tre VM-lag og vi skal på ferie. Vi skulle gjort jobben lenge før dei fire siste kampane, men sånn er fotball. Lars har tatt over no og vi er på rett veg, seier King.
King påpeiker også at han ikkje kan hugse sist han var med på fire strake sigrar for landslaget.
– Norge hadde gjort det bra i VM
Mykje av æra for suksessen får landslagssjef Lars Lagerbäck, som på pressekonferansen etter kampen fekk spørsmål om korleis Norge ville klart seg i årets VM.
– Det var eit godt spørsmål, seier Lagerbäck.
– Vi var klart betre enn Australia. Og mot Island og Panama har vi definitivt ikkje vore dårlegare. Vi burde klart oss relativt bra, seier Lagerbäck med eit lurt smil.
– Korleis trur du at Norge ville klart seg mot eitt av dei betre VM-laga?
– Vi skulle definitivt hatt ein god sjanse. Det er veldig tøft å møte dei aller beste, men eg vil seie at vi har ein ganske realistisk sjanse for å vinne kampar, seier Lagerbäck.