– Eg fekk eit tilbod og tenkte at dette er ein sjanse eg får ein gong i livet. Det blir interessant å sjå kva andre gjer. Og så skal eg prøve å bidra så mykje eg kan med den erfaringa eg har. Det er motivasjonen min, fortel Gjelland til NRK.
Samtidig seier 44-åringen at han ikkje har fått tilbod om ein jobb rundt dei norske landslaga. Det har vore sterk misnøye med at forbundet tilsette fire nye elitelandslagstrenarar. Ingen av dei har bakgrunn frå norsk skiskyting.
Egil Gjelland trena dei norske landslagsdamene frå 2010 til 2014, og herrane frå 2014 til 2016. Han har også vore ønska av fleire av landslagsdamene framfor komande sesong, men altså ikkje fått telefon frå det norske forbundet.
– Nei, eg har ikkje fått nokon førespurnad. Men det hadde eg vel eigentleg ikkje venta heller. Dei hadde vel andre kandidatar. Det har eg full aksept for, forklarer Egil Gjelland.
– Forstår spørsmålet
Han vedgår at han heilt klart hadde vurdert eit eventuelt tilbod frå Norge, men det er ikkje gitt at han hadde valt Norge framfor Tsjekkia om han hadde hatt tilbod frå begge.
– Eg er ikkje skuffa. No ser eg fram til å trene Tsjekkia. Dei har ikkje like god rekruttering, men der skjer likevel mykje spennande, seier vossingen.
– Forstår du at nokre vil synest det er rart at du reiser til Tsjekkia for å få deg ein toppjobb i skiskyting, medan det er utanlandske personar trenar det norske landslaget?
– Ein må jo ta med her at eg i utgangspunktet ikkje var heilt klar til å begynne på igjen som trenar. Men ja, eg forstår spørsmålet, utan at eg vil dvele så mykje med det.
Lunde overraska
NRK sin skiskytingsekspert Ola Lunde synest det er rart at Egil Gjelland aldri vart kontakta av det norske forbundet.
– Egil er ein veldig god trenar og hadde stor suksess som dametrenar i Norge. Det er overraskande at han ikkje har fått eit tilbod. Ut frå det eg veit var Egil også førstevalet til damene som ny trenar. Han burde i alle fall ha blitt spurt, seier Lunde.
Sportsdirektør for det tsjekkiske landslaget, Ondrej Rybar, er langt på veg einig med Ola Lunde.
– Ola Lunde er ein bra ekspert som eg kjenner godt frå før – og eg er einig med han, sjølv om eg ikkje har full oversikt over situasjonen i Norge. Men vi er veldig nøgde med at Egil har signert for oss. Han har lang erfaring og er ein autoritær trenar, noko som passar oss godt, seier Rybar til NRK.