– Det var ein veldig god kamp av oss. Vi starta bra, forsvarte oss godt, og skapte problem for dei i første omgang, som var mykje betre enn andre, sa United-manager Ole Gunnar Solskjær til TV 2.
– Likevel synest eg andre omgang er noko å vere stolt av, fordi vi forsvarar oss godt mot eitt «ekkelt» lag å spele mot.
Solskjær meiner at responsen frå spelarane etter det pinlege tapet for Watford like før jul har vore god.
– Det viser at dei lærer, seier Solskjær til BBC. Han seier seg ekstra nøgd med å halde nullen, det har dei ikkje gjort sidan 14. september.
Charles Taylors stygge tabbe like før pause la grunnlaget for Manchester Uniteds siger.
Taylor rota bort ballen då han skulle klarere ute på Burnleys venstreside. Det utnytta Andreas Pereira som la inn til Martial. Han trilla inn 1–0 med si sjuande ligascoring denne sesongen.
Manchester United sleit ein halv omgang med å skape noko mot Burnley på Turf Moor. Så kravde Ole Gunnar Solskjær betre tempo, og etter det var gjestene klart best. Solskjær var nok skuffa over at det berre stod 1–0 halvveges.
- Høgdepunkt frå kampen (video med løyve frå TV 2)
– Grei dag på jobben
– Det var ein grei dag på jobben for United, i ein kamp der spelet, i ein kamp utan flyt i spelet, sa BBC-kommentator Rob Gree.
Uniteds Harry Maguire gledde seg over tre poeng og null baklengsmål.
– Vi skulle nok ha spela betre i andre omgang og drepe kampen før. Men det var tre gode poeng for oss, sa Maguire til BT Sport.
– Vi er gode nok til å slå alle, men vi er for ustabile, la han til.
Burnley gjorde offensive bytte i andre omgang, tok større sjansar, og kom lenger fram. Det gav resultat, og omgangen gjennom var Burnley på høgde med United. Mot slutten pressa dei for utlikning.
I tilleggstida gjekk keeper Nick Pope ut for både å møte corner og å drible på midtstreken. Men det gav kontringsrom, og få sekund før tilleggstida var ute runda Rashford keeper og spikra sigeren med kampens siste spark på ballen.
United er med kveldens siger nummer fem, berre eitt poeng bak Chelsea. Og laget heldt nullen for første gong sidan september.