– Det synest eg er veldig positivt. Alle straffene som er gitt grunna VAR er klare. Fredag fekk vi til og med sjå ei straffe som vart trekt tilbake. Det er også veldig positivt, seier NRK sin fotballekspert Carl-Erik Torp.
Han siktar til då Neymar gjekk i bakken etter 78 minutt mot Costa Rica.
Så langt denne verdsmeisterskapen er det gitt 13 straffer på 27 kampar. Fem av straffene er gitt som følgje av den nye VAR-teknologien. Det vil seie videoassistert dømming, som gjer at dommarane mellom anna kan vurdere på nytt situasjonar der dei i utgangspunktet ikkje har gitt straffespark.
– VAR gjer at det blir dømt straffer i klare situasjonar. Mange av straffene hadde ikkje blitt gitt utan VAR. Dessutan blir det unngått å gi straffe i situasjonar der det tidlegare hadde blitt dømt. VAR gjer fotballen meir rettferdig, meiner Carl-Erik Torp.
Spår 20 til 25 straffer
Etter at VM vart utvida til 32 lag og 64 kampar i 1998, er rekorden 18 straffer i éin verdsmeisterskap. Det skjedde i Japan og Sør-Korea i 2002.
I VM i Brasil for fire år sidan vart det berre delt ut 13 straffespark, mot 15 i 2010, 17 i 2006 og berre 10 i 1998.
Det skal altså mykje til at det ikkje blir ein soleklar VM-rekord i Russland.
– Eg trur vi vil hamne på mellom 20 og 25 straffer til slutt. Men på sikt trur eg talet på straffer kjem til å justere seg, seier Carl-Erik Torp.
– Forsvarsspelarar kjem til å bli flinkare til å unngå situasjonar som kan gi straffe, medan færre angriparar vil prøve å filme seg til straffer. Berre sjå på Neymar i dag, som vart avslørt, forklarer Torp.
– Øydelegg flyten
NRK-eksperten legg til at det også kunne ha blitt gitt endå fleire straffer i årets VM. Til dømes skulle England-kaptein Harry Kane ha hatt ei straffe mot Tunisia.
Men ikkje alle ønskjer VAR-teknologien like velkomen som Torp. Ein av kritikarane er nytilsett AIK-trenar Uwe Rösler.
– Om VAR skal fungere må det nyttast på rett måte. I fleire land blir VAR nytta i så stor grad at det øydelegg kampane. Det øydelegg flyten. Supporterane forstår ikkje kva som skjer, seier Rösler.