Han sa nei til landslaget etter EM i 2016. Men no avslører han at landslagsleiinga ringjer han kvar dag, melder SVT.
– Dei ringjer meg kvar dag og spør meg: Korleis står det til? Kva vil du? Kva tenkjer du? Korleis er din situasjon?
I går blei det definitivt klart: Den svenske megastjerna reiser frå Manchester United til LA Galaxy. Samstundes dukkar spekulasjonane opp igjen om landslagscomeback. Ikkje minst fordi Sverige er klar for VM etter playoff-sigeren over Italia i haust.
– Held landslagsdøra open
I oppkøyringskampen i kveld tapte Sverige 1–2 for Chile heime i Stockholm.
– Mitt hovudfokus no er LA Galaxy, og å lære å kjenne klubben og byen. Når eg har gjort det godt nok, kjem neste steg, seier 36-åringen til klubbens heimeside.
Han har ikkje spela fotball sidan han blei skadd i ein kamp for Manchester United 2. juledag. I fjor mista han sju månader på grunn av ein skade.
Han seier at han held døra tilbake til landslaget open.
– Om eg vil, er eg der, om eg ikkje vil, så er eg der ikkje. Men ein ting om gangen. Eg er svært lysten på å spele fotball, og når eg tek til å gjere det, får vi sjå kva som hender, seier Zlatan.
Stadfestar kontakt
Fotballforbundets generalsekretær Håkan Sjöstrand seier til Aftonbladet at det er kontakt.
– Vi har ein god dialog med Zlatan, og det er viktig for svensk fotball. Men ingen annan enn Janne (Andersson) har ansvar for kven som skal spele i VM, seier Sjöstrand.
Zlatan kan debutere for Galaxy i byderbyet mot Los Angeles FC 31. mars.