Hopp til innhold

Skyting på Grønland: – Veit at det er meir enn ein gjerningsperson

Éin person er alvorleg skada etter skyting på Grønland i Oslo. Politiet har beslaglagt eit skytevåpen etter hendinga.

Bildet viser Beirut kebab på Grønland i Oslo, der en mann ble skutt natt til søndag 28. april 2024.

Ein mann vart skoten på Beirut Kebab på Grønland i Oslo natt til søndag 28. april 2024.

Foto: Hina Jalil / NRK

Politiet søker etter fleire gjerningsmenn etter ein skytehending på kebabrestauranten Beirut Kebab på Grønland i Oslo i natt.

Det bekreftar politiadvokat, Maria Huseby Fossen, til NRK.

Ein mann i 20-årene er alvorleg skadd etter hendinga.

Fornærma er foreløpig ikkje avhøyrt som følge av helsemessige årsaker.

Fleire gjerningspersonar

Ifølge Fossen skal hendinga ikkje ha vore tilfeldig.

Politiadvokat Maria Huseby Fossen

Politiadvokat Maria Huseby Fossen.

Foto: Line Tomter / NRK

– Eg kan dessverre ikkje gå inn på detaljane om kvifor vi tenker det med tanke på etterforskningen.

Et skytevåpen skal vere beslaglagt etter hendinga.

– Dette vil bli undersøkt med tanke på sporsikring men også sjølve våpenet.

Det er foreløpig uklart kva slags våpen det er snakk om.

Politiet har avhøyrt fleire vitne og jobbar nå med å gå gjennom videomateriell frå åstedet.

Søndag kveld er det framleis ingen som er arrestert etter hendinga.

– Vi etterforskar bredt opp mot fleire miljø, og vi veit at det er meir enn ein gjerningsperson, fortel Huseby Fossen.

Var på jobb

Eigaren av Beirut Kebab, Ali Issam Kanaan, var på jobb da skytinga skjedde.

Han fortel at han tok dekning med ein gong han høyrde skota bli fyrt av. Når det roa seg igjen gjekk han ut, og såg hol i vindauget.

– Det var skremmande. Eg veit ikkje korleis ein kan beskrive kjensla når du gjer jobben din, og så følast det plutseleg som om du kan forsvinne ut av verda, ut av det blå.

Han fortel at det er mykje som må ryddast og reparerast etter hendinga, før restauranten kan opne att.

Politiet har sperra av Beirut Kebab på Grønland i Oslo, der ein mann vart skoten natt til søndag 28. april 2024.

Søndag føremiddag var kebabrestauranten sperra av politiet. Eigaren fortel at han fekk att nøklane søndag ettermiddag.

Foto: Hina Jalil / NRK

Høyrde tre skot

– Det som skilte om vi var der eller ikkje, var om eg og sambuaren min tok ein øl til. Dette er den nærmaste kebaben som er open, så det er som regel der vi går innom.

Det seier ein av naboane som NRK har snakka med.

Han er anonym, fordi han fryktar å bli kjent att av dei kriminelle.

Det er nemleg ikkje fyrste gongen dette skjer.

– Eg føler ikkje folk forstår kor ille det eigentleg er. Det blir skote kanskje kvar andre til tredje veke. Alvorlege valdshendingar skjer nesten kvar dag, seier naboen.

Skudd avfyrt i Oslo

POLITI: Politiet tatt beslag i fleire gjenstandar

Foto: Martin Solhaug Standal / NTB

Naboen fortel at dei har sett grove valdshendingar skje like framfor dei.

Ein gong vart han sjølv slått til og rana for ein pose øl, og sambuaren har vorte dytta av sparkesykkelen fordi ho ikkje svarte når nokon snakka til ho. Ho går ikkje ut når det er mørkt lenger, med mindre ho har nokon med seg.

Når sånt skjer ringjer naboen politiet. Så legg han mobilen i lomma, slik at ingen skal sjå at det var akkurat han som ringte.

– Så møter vi dei involverte att etterpå, og får tilbod om å kjøpe noko. I starten ringte vi politiet ofte, men vi såg etter kvart at det ikkje hadde noko for seg.

Han fortel at han fleire gonger har gått bort til politiet, og kunne peike ut dei som har vore involvert. Det er ifølgje naboen ofte dei same som går igjen.

– Men det verkar som om det viktigaste er å møte opp og skru på blåljosa.

Skudd avfyrt i Oslo

MYKJE POLITI: Det var mykje politi å sjå i gatene etter avfyringa av skot.

Foto: Martin Solhaug Standal / NTB

– Det er ei sterkt urovekkande hending

Byrådsleiar i Oslo, Eirik Lae Solberg (H), seier han blir bekymra over at det er grove valdsepisodar i byen nesten dagleg.

– Utviklinga går i feil retning. Den er vi heilt nøydd til å snu.

Særleg peikar han på at valdskriminalitet mellom barn og unge aukar mykje.

Han meiner det viktigaste som kan gjerast er å gi politiet meir ressursar.

– Regjeringa må styrke oslopolitiet, og Oslo kommune skal stille opp med førebyggande arbeid. Men vi er heilt avhengige av at politiet handterer situasjonen som dessverre utviklar seg, seier Lae Solberg.

Ramadan lys på Fridtjof Nansens plass og Roald Amundsens gate i Oslo sentrum

Byrådsleiar i Oslo, Eirik Lae Solberg (H), seier kommunen har etablert eit exit-program for å hjelpe unge ut av kriminelle miljø. Dei vil og arbeide for at unge ikkje skal bli rekruttert til desse miljøa.

Foto: Rolf Petter Olaisen / NRK

Kan ikkje love meir pengar til Oslo politiet

Statssekretær i Justisdepartementet, Sigve Bolstad, fortel at Justis- og beredskapsdepartementet har et stort fokus på stoppe utviklinga av valdshendingar.

Sigve Bolstad

Statssekretær Sigve Bolstad.

Foto: Terje Haugnes / NRK

– Dette er ein utvikling vi ikkje ønsker og eg skjønner at befolkninga synest at dette ikkje er noko hyggeleg.

Likevel kan Bolstad ikkje love ekstra økonomisk støtte til Oslo politiet.

– Det eg kan love er at vi skal jobbe beinhardt for å gjere det vi kan for å få opp budsjettet til norsk politi.

Får nabolagspoliti

Dette er ikkje første gong det har vore uro på Grønland.

Frå 1. mai skal det vere meir synleg politi i bydelen. 38 polititenestepersonar skal jobbe for å slå ned narkotikasal, vald og trugslar i området.

Det gler naboen NRK har snakka med seg til.

– Det er eg svært fornøgd med! Dette har vore ein fristad for grove kriminelle, så det er utruleg bra at det endeleg skjer.

Også byrådsleiaren seier han er glad for at politiet prioriterer Grønland no.

– Dette er eit område som har opplevd mykje kriminalitet, vald og narkotikaomsetning. Men det er viktig at det ikkje går på kostnad av politiinnsatsen i Oslo andre stader og, seier Lae Solberg.