Hopp til innhold

Tre menn sikta for brannstifting

Politiet har sikta tre menn i samband med brannane i Skien sentrum fredag ettermiddag.

Brann i Skien sentrum

Bygningen i Schwachsgate fekk store skader under brannen fredag.

Foto: Bo Lilledal Andersen / NRK

Dei tre blei arrestert seint fredag kveld, mistenkte for å ha sett fyr både på den gamle prestebustaden i Lundegata, og på ein bygning i Schwachsgate, seier politiadvokat Andreas Haugen i Sør-aust politidistrikt.

Det var tips frå publikum som gjorde at politiet valde å arrestere mennene, som er i 30- og 40-åra. Dei mistenkte blir avhøyrde i løpet av dagen, seier Andreas Haugen.

Mistenker at brannane i Skien er påsett

Det var klokka 1530 fredag ettermiddag politiet fekk melding om brann i den gamle prestegarden i Lundegata i Skien sentrum. Godt arbeid av Skien brannvesen sørga for at ein av få bygningar som overlevde den store bybrannen i Skien i 1877, berre fekk mindre skader.

Skien gamle prestegard

Den verneverdige prestegarden frå 1870-talet fekk mindre skader

Foto: Anniken Sanna / NRK

Mens brannvesenet dreiv sløkkingsarbeid i Lundegata blei det melt om ein ny brann 200 meter unna. Brannen i det ubebudde huset i Schwachsgate blei meir omfattande, og fredag ettermiddag var store deler av Skien sentrum røyklagt. Arbeidet med å sløkke brannen gjekk føre seg til langt på natt.

Etterforskinga held fram

Kriminalteknikarar arbeider no for å finne brannårsakene. Det blir og gjennomført taktisk etterforsking, seier politiadvokat Andreas Haugen.

Når dei sikta har forklart seg, tek politiet stilling til om skal be om at mennene blir varetektsfengsla.