Hopp til innhold

Meiner turisme trugar villreinen

Turismen på Hardangervidda om sommaren kan vere ein trussel for Nord-Europas største villreinstamme. Ferdselen i nasjonalparken kan nemleg ha blitt eit hinder for at kalvane får nok mat.

Reinkalv og simler

Bildet viser to reinkalvar på Hardangervidda saman med mødrene på vårparten. En reinkalv er avhengig av mora i vel eit halvt år før den er i stand til å klare seg på eiga hand. Bildet er frå eit forskingsprosjekt med ni villrein som fekk GPS-sendarar og kamera.

Foto: NINA

– Villreinkalvane på Hardangervidda er små. Slaktevekta har i fleire år vore på 12–13 til 14 kilo. Det er ein god del mindre enn det ein finn i område som det er naturleg å samanlikne seg med.

Olav Strand

Olav Strand i NINA forskar på villrein og ser ein samanheng mellom kondisjonen til dyra og turismen på Hardangervidda.

Foto: Sindre Skrede / NRK

Det seier villreinforskar Olav Strand ved Norsk institutt for naturforsking. Han har vore med på å utarbeide ein ekspertrapport om tilstanden til villrein i dei 23 villreinområda i landet.

– Simlene på Hardangervidda er også i dårleg stand. Små simler føder små kalvar seint på sommaren, og vil vere små på hausten. Men det er ein treg prosess å snu utviklinga, seier Strand.

Les også: Villreinens private fotoalbum

Får konsekvensar for ferdselen

Naturforvaltar Kjetil Heitmann arbeider med ein besøksstrategi for verneområda på Hardangervidda på oppdrag for fylkesmennene og tilsynsutvala i Hordaland, Telemark og Buskerud.

Han seier at opplysningane vil få konsekvensar for planlegginga av ferdselen.

Kjetil Heitmann, Naturforvalter på Numedalstunet i Veggli

Kjetil Heitmann skal lage ein besøksstrategi for Hardangervidda.

Foto: Privat

– Eit av dei områda som er peika på som problematisk, er turiststien frå Haukeliseter, forbi Hellevassbu til Litlos. Den stien kan ha ein så stor ferdsel at villreinen blir hindra frå å bruke delar av vestvidda på sommarstid.

Les også: Vil stenge populær turisthytte

Heitmann fortel at NINA også har peika ut området frå riksveg 7 til Tinnhølen langs ein veg som blei bygt i samband med kraftutbygging. Der er det veldig stor trafikk heilt inn til nasjonalparken.

– Her er det også så mykje ferdsel at villreinen har vanskar med å bruke dette området om sommaren og hausten.

Les også: Skal telje turistar på Hardangervidda

Brukar lite av vidda om sommaren

Vegard Gundersen i NINA seier det er samla mykje kunnskap om villreinen på Hardangervidda, mens det finst lite kunnskap om korleis ferdselen påverkar levemåten til villreinen.

Vegard Gundersen, NINA

Vegard Gundersen i NINA registrerer ferdsel på Hardangervidda.

Foto: NINA

– Det som er spesielt for Hardangervidda er at villreinen er trengt oppe i eit hjørne. Den brukar veldig lite av det arealet som er tilgjengeleg sommarstid. Og det er litt påfallande at den brukar dei areala der det ikkje er nokon ferdsel.

Villreinen brukar om lag 20 prosent av Hardangervidda om sommaren. Resten av vidda brukar ikkje villreinen, og der er det mykje folk.

Gundersen håpar prosjektet med registrering av ferdselen på Hardangervidda skal vere med på å gje sikrare svar på korleis den verkar inn på villreinen sin bruk av vidda.

ill. villrein hardangervidda

Her ser vi villreinen sin bruk av Hardangervidda gjennom året. Dei mørke flekkane til høgre viser områda villreinen er på sommarstid.

Foto: Olav Strand, NINA / Figur

Ny kvalitetsnorm for villrein

Miljødirektoratet arbeider nå med ein kvalitetsnorm for villrein og ei uavhengig ekspertgruppe har foreslått eit trafikklyssystem for villreinområda.

Ekspertane beskriv korleis vurdering av bestandsforhold, beiteforhold og tilgang på areal skal gi grønt, gult eller raudt lys for kvart villreinområde.

Men Miljødirektoratet ønskjer at villreinjegerane skal bli enno flinkare til å rapportere slaktevekta på reinen dei feller.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark