– Ho sit aleine heile skuledagen, og har null sosial omgang med andre elevar.
Mor til Rie, Eirin Lyngstad, er fortvila. Dei har vore i fleire møter med skulen, men i årevis har ho sett dottera oppleve ting ingen ungar bør oppleve. Mobbing og utestenging.
– Rie ser litt annleis ut. Det er ikkje lett å vakse opp når man blir kikka på overalt.
14-åringen frå Hommelvik i Malvik har eit ultrasjeldent syndrom som blir kalla heminasal aplasi. Ho er den einaste i Norge som har dette, og diagnosen gjer at ho har eit særeige ansikt. Etter fleire vanskelege år vel ho no å bytte skule.
Fleire og fleire blir mobba
Rekordmange elevar melder no frå om mobbing til Fylkesmannen, og den vesle kommune Malvik har vore borti fleire saker. I eit av tilfella fekk mobbeofferet fleire millionar kroner i erstatning.
Den siste saka gjeld ein gut som i lengre tid har blitt trakassert av medelevane sine. Adresseavisen skriv at han blant anna har blitt truga med kniv. Skulen løyste saka med å låse eleven inne på eit grupperom, og no har Fylkesmannen sagt frå. Malvik kommune har ikkje gjort ein god nok jobb. Rådmannen i kommunen, Carl-Jakob Midttun, har sagt unnskyld - og han håpar dei kan lære av feila.
– Her i Malvik har vi nokon eksempel på elevar som blir mobba. Kommunen har nulltoleranse for slikt, og det må vi jobbe med no. Målet er at ingen elevar skal kjenne seg krenka, seier Midttun.
– Malvik må rydde opp
I grunnskulen er det lov å tvangsflytte mobbarar, men i fleire tilfelle har vi sett at mobbeofferet byter skule i staden - slik som Rie. Jørgen Enoksen som er leiar i ungdomsrådet i Malvik kommune synest det blir for dumt:
– Skulane må tørre å flytte på mobbarar. Malvik kommune må rydde opp i desse stygge sakene, for verken kommunen eller skulane gjer ein god nok jobb, seier 19-åringen.
Enoksen seier historia til Rie er frykteleg trist, men han skjønner henne godt:
– Eg hadde aldri plassert ungane mine på ein skule her i Malvik. Eg ser at anten manglar det på viljen eller kompetansen, og det er alvorleg.
Ser ingen andre løysingar
14 år gamle Rie kan nok bli sett på av mange lærarar som ein utfordrande elev. Ho har blitt mobba i årevis på grunn av utsjånaden sin, og alt dette blanda saman med andre vanskelege ting har gitt ho angst. Det har ho valgt å skrive om i bloggen sin.
– Eg gruar meg til å gå på skulen, fordi eg berre sit der aleine. Det siste året har vore drit. Eg har ikkje fått den hjelpa eg treng, så derfor vel eg å bytte skule, seier Rie.
Kristel Linset er rektor på Hommelvik ungdomsskole, som Rie no vel å forlate.
– Det er ingen vinnarar i denne saka. Mitt mål som rektor er at alle elevane skal trivast her, så eg beklagar veldig at Rie ikkje har hatt det skulemiljøet ho har hatt krav på, seier Linset.
Håpar kommunen skjerpa seg
Foreldra til Rie støttar henne fullt ut, og no ser heile familien fram til ein heilt ny skulestart til hausten. Då begynner 14-åringen på skule i nabokommunen Trondheim.
– Eg trur det blir veldig bra. Eg har vore på besøk der, og dei verka veldig snille - både lærarane og elevane.
Men Rie håpar kommunen tar seg saman:
– Eg synest dei bør trå til meir, sånn at det blir ein bra kommune og bu i - og gå på skule i. For det er det ikkje no.