Hopp til innhold

Då Sigrid (20) la ut eit bilete på Instagram fekk ho uønskt merksemd frå plastikkirurg

Marknadsføring for plastisk kirurgi aukar på sosiale medium: – Eg synest det er ein skikkeleg frekk og uetisk måte å gjere det på, seier Sigrid Marie Bråthen.

Sigrid Marie Bråthen

Sigrid Marie Bråthen synest det er dumt at profesjonelle legar bidrar til å auke kroppspress blant ungdommar.

Foto: Skjermdump/Instagram

Sigrid Marie Bråthen posta eit bilete av seg sjølv og søstera på Instagram. 20-åringen frå Trondheim har nesten 1500 følgarar på Instagram, og ho får mykje «likes» på innlegget. Det er ein heilt vanleg «selfie», der Bråthen skriv at Oslo vart ein perfekt start på sommaren.

Sjokket blei derfor stort då ho fekk uventa merksemd frå ein brukar som heiter «plastikkirurg1». Dei har kommentert med ein emoji og fleire utropsteikn.

Kommentaren får Bråthen til å reagere.

– Eg sjekka opp profilen deira på Instagram, og der er det mykje bilete av tynne jenter med store puppar. Det her er jo absolutt ein effektiv måte å marknadsføre seg på, men eg synest det er ein skikkeleg frekk måte å gjere det på.

Sigrid Marie Bråthen synest det er dumt at profesjonelle legar bidrar til å auke kroppspress blant ungdommar.

Legeforeningen: – Ho blir utnytta

Over halvparten av 16-åringar vil endre noko på kroppen sin, og vi har tidlegare sett fleire som marknadsfører seg mot unge i sosiale medium.

Svein Aarseth

Svein Aarseth som leiar Rådet for legeetikk synest det er dårleg gjort å bruke vilt framande mennesker til marknadsføring.

Foto: Øyvind Bye Skille / NRK

Blant anna reklamerte ein skjønnheitssalong for billig leppeforstørring til russen i mai. Fleire har og opplevd å få liknande kommentarar som Bråthen, blant anna ei 14 år gammal jente.

Svein Aarseth som leiar Rådet for legeetikk likar ikkje denne type marknadsføring.

– Vi ser at bruk av sosiale medium når det kjem til marknadsføring for estetisk kirurgi aukar. Dette kjem med fleire utfordringar. I Bråthen sitt tilfelle meiner eg plastikkirurgane har utnytta kontoen hennar til sin eigen fordel.

– Dette skal ikkje skje igjen

På Instagram-kontoen sin reklamerer Plastikkirurg1 for gratis konsultasjon.

Plastikkirurg1

Slik ser feeden til «Plastikkirurg1» ut på Instagram. Bråthen synest dei framhevar eit usunt kroppsbilete.

Foto: Skjermdump/Instagram

Då NRK ringer Plastikkirurg1 vil dei ikkje stille til intervju. Kirurg Tom Inge Ørner skriv i ein mail at dei beklagar det som har skjedd, og at dei skal gjere alt dei kan for å hindre at slikt skjer igjen.

Aarseth i Legeforeningen kan ikkje sei om dette tilfellet er noko brot på forskrifta om marknadsføring av kosmetisk kirurgi.

– Det er ikkje opp til meg å konkludere, men eg synest det er dårleg gjort å bruke vilt framande menneske på den her måten.

Sigrid Marie Bråthen og søstera

Sigrid Marie Bråthen og søstera Marit Johanne Bråthen synest «Plastikkirurg1» marknadsfører seg på ein frekk måte.

Foto: Helene Solheim / NRK

«Opererer du deg deg så får du eit bra liv»

Bråthen seier det er veldig kjipt at plastikkirurgane brukar hennar og andre Instagram-profilar til å reklamere for seg sjølv. Ho meiner det burde vere ulovleg.

– Det er så mange som er usikre på seg sjølv, og då blir det heilt feil at profesjonelle legar skal bidra endå meir til kroppspress. Når du ser på feeden deira på Instagram er det akkurat som om dei seier «berre operer deg, så får du eit bra liv». Det er ekkelt.

– Det er ikkje greitt. Eg viste kommentaren til pappa som er lege, og han er ganske kritisk også, fortsette ho.

Plastikkirurg1 har no sletta kommentaren på profilen til 20-åringen. Sjølv håpar ho dei sluttar å marknadsføre seg på denne måten.

Laster Twitter-innhold