Hopp til innhold

E6 er open att

Vegen er open att etter at eit vogntog saksa og sto på tvers av E6 ved Korporalsbrua i Soknedal i Trøndelag.

Bergingsbil trekker opp et vogntog som har sakset på E6 ved Korporalsbrua i Soknedal.

Ein bergingsbil trekk opp vogntoget som har køyrd av vegen ved Korporalsbrua.

Foto: Stein Lorentzen / NRK

Politiet fekk melding om hendinga like før klokka 1030 mandag føremiddag. Den første halvtimen var E6 heilt sperra. Det var ei sju kilometer lang omkjøring for personbilar over Hauka.

Ingen skadd

Politiet og brannvesenet rykte ut til vogntoget då meldinga kom. Ingen er skadd, opplyser politiet på Twitter.

Ifølgje Vegtrafikksentralen er det svært glatt der vogntoget har skrensa og hamna på tvers i vegen.

– Det var speilglatt på staden, seier Frode Rakkenes, som kom like bak vogntoget som saksa. Sjølv valde han å køyre omkjøring om Hauka.

Eitt felt opna

Like etter kl 1100 vart vegen opna i eitt felt, og det er mogleg å passere, også for store køyretøy, melder NRK Trafikk.

Det vil ta tid å berge vogntoget, opplyser politiet.

Et vogntog sperrer E6 ved Soknedal i Trøndelag. Det er lange køer i området.

Bilar kan no passere forbi det utanlandskregistrerte vogntoget som står på tvers på E6 i Trøndelag.

Foto: Frode Rakkenes / NRK