Hopp til innhold

– Ingen skal seie at eg hjelper mafiaen

Italias hardtslåande innanriksminister Matteo Salvini har sett seg lei på kritikken frå den verdskjende forfattaren Roberto Saviano. Begeret var fullt då Saviano kalla Salvini for «minister for underverda».

Italias innanriksminister Matteo Salvini.

Italias innanriksminister Matteo Salvini har gått til søksmål mot den verdskjende forfattaren Roberto Saviano.

Foto: Lisi Niesner / Reuters

Roberto Saviano lever på hemmeleg adresse med politivakthald 24 timar i døgnet, 365 dagar i året, etter at han i 2006 skreiv boka «Gomorra». Boka var ei skakande skildring av korleis det var å vekse opp i eit område der den napolitanske mafiaen La Camorra styrte det meste.

Roberto Saviano.

Roberto Saviano må belage seg på å møte innanriksminister Matteo Salvini i retten.

Foto: Tiziana Fabi / AFP

Det var nok til å kome på dødslistene til det mektige forbrytarsyndikatet, og sidan har livet hans vore alt anna enn normalt.

Italia og Malta krangler om migrantskip

Internasjonal suksess

Boka vart ein suksess i mange land, også i Noreg, og berre i Italia vart det selt over 1,3 millionar eksemplar. Boka vart også filma. Seinare har han gitt ut boka «ZeroZeroZero» om internasjonal kokainhandel, og også denne boka vart ein stor suksess.

38 år gamle Saviano har lenge vore ein skarp kritikar av den høgreorienterte innanriksministeren Matteo Salvini, som også er leiar for partiet Ligaen. Det er særleg den knallharde politikken overfor migrantar som har fått Saviano til å reagere.

Då forfattaren i juni år skreiv på Twitter at Salvini var minister for underverda, sprakk det for innanriksministeren. Saviano skulda også Salvini for å vere redd for kritiske røyster.

– Eg aksepterer alle former for kritikk, men eg tillèt ingen å skulde meg for å hjelpe mafiaen, skreiv Salvini, ifølgje The Guardian.

– Europas flyktningleir

Saviano, som har tent gode pengar på boksuksessane sine, verkar ikkje uroe seg nemneverdig over søksmålet frå Salvini. Tidlegare denne veka publiserte han eit bilete av lika av ei kvinne og eit barn flytande i Middelhavet, og han spurde om Salvini hadde glede av å sjå slike bilete.

– Hatet du har sådd kjem til å felle deg, skreiv Saviano blant anna.

Matteo Salvini har gjort det klart at han ikkje godtek at Italia, og spesielt Sicilia, skal vere Europas flyktningleir. Italia har fleire gonger nekta å ta mot skip med migrantar, som er plukka opp av humanitære organisasjonar i Middelhavet.

Tidlegare i sommar sa han blant anna at festen er over for migrantar i Italia , ei fråsegn som fekk mange til å reagere.

Merkels italienske hodepine

– Storbritannia det mest korrupte landet i verda

SISTE NYTT

Siste nytt