Hopp til innhold

Demonstrantar møtte av opprørspoliti i Charlottesville

Fleire hundre studentar og aktivistar i Charlottesville deltok laurdag i markeringa av eittårsdagen for dei valdelege demonstrasjonane i byen.

Charlottesville

Fleire hundre aktivistar hadde møtt opp for å markere at det var gått eitt år sidan samanstøytane mellom kvite nasjonalistar og antirasistar i Charlottesville i Virginia.

Foto: Steve Helber / AP

Søndag er det eitt år sidan ei gruppe kvite nasjonalistar arrangerte ein marsj i byen Charlottesville i delstaten Virginia. Ein motdemonstrant blei drepen då ein mann køyrde inn i ei folkemengde med antirasistiske demonstrantar.

Dette utløyste valdelege gatekampar mellom ulike borgarrettsgrupper på den eine sida, mot nynazistar, Ku Klux Klan-tilhengarar og skinheads på den andre. Etter samanstøytane fekk president Donald Trump kritikk for ikkje å ta avstand frå høgreekstreme då han sa at begge sider hadde skuld for valden som oppstod.

Markering eitt år etter

Laurdag møtte hundrevis av demonstrantar opp i Charlottesville for å markere at det hadde gått eitt år sidan samanstøytane. Aktivistane blei møtte av opprørspoliti som frykta demonstrasjonen skulle utvikle seg.

Det fekk demonstrantane til å reagere, melder nyheitsbyrået AP:

– Kvifor har de på opprørsutstyr? Det er ikkje opprør her, ropte demonstrantane til politiet.

Demonstrasjon i Charlottesville

Demonstrantane likte dårleg at opprørspolitiet møtte opp til eittårsmarkeringa. Aktivistane meiner politiet svikta under samanstøytane i fjor.

Foto: LUCAS JACKSON / Reuters

Ei gruppe på over 200 demonstrantar flytta seg fordi dei frykta at dei skulle bli omringa av politi om dei heldt fram å protestere der dei opphavleg stod.

– Politiet var ikkje på vår side under demonstrasjonane i fjor. Politiet og Ku Klux Klan går hand i hand, sa Kibiriti Majuto, som er ein av studentane som var med å arrangere demonstrasjonen.

Etter nokre minutt løyste demonstrasjonen seg fredeleg opp.

Ny demonstrasjon søndag

Det er venta nye demonstrasjonar på eittårsdagen for samanstøytane i Charlottesville søndag. Gruppa av kvite nasjonalistar som arrangerte marsjen i fjor, har i år fått løyve til å demonstrere framfor Det kvite hus i Washington D.C.

Ifølgje søknaden som arrangørane har levert inn, reknar dei med at det skal møte opp mellom 100 og 400 personar i demonstrasjonen. Men fleire leiande kvite nasjonalistar skal ha sagt at dei ikkje vil delta, skriv AP.

Motdemonstrantar har også fått løyve til å demonstrere søndag. Styresmaktene fryktar det kan bli valdelege samanstøyt. Dei har difor skjerpa beredskapen i den amerikanske hovudstaden for å kunne handtere om det skjer.

SISTE NYTT

Siste nytt