Hopp til innhold

Eittåring gjenforeint med familien etter fem månader

For fem månader sidan vart eitt år gamle Johan Bueso Monecinos skilt frå faren sin på den amerikanske grensa. No er den vesle familien gjenforeint.

Gjenforent: Adalicia Montecino og sønnen Johan Bueso Montecinos.

GJENFOREINT: Rolando Bueso Castillo og Adalicia Montecinos venta lenge på sonen sin på flyplassen i San Pedro de Sula i Honduras. Dei er no gjenforeint.

Foto: Esteban Felix / AP / NTB

Då Johan Buesco Montecinos møtte foreldra sine for fyrste gong på fem månader. Kjende han dei ikkje att med ein gong, skriv CBS News.

– Eg sa Johan, Johan, og han byrja og gråte, seier mor Adalicia Montecinos og gret.

Innan ein time lo derimot den vesle guten, som har vore på framsida av nokre av verdas største aviser den siste tida, saman med foreldra sine.

Det som skulle bli den «amerikanske draumen» vart eit mareritt for familien frå Honduras.

Rolando Bueso Castillo ønskte å flytte frå heimbyen sin Libertad og la barna sine vakse opp i betre kår.

Honduras The Beautiful Plan

VENTA PÅ FLYPLASSEN: Rolando Bueso Castillo og Adalicia Montecinos ventar på sonen sin på flyplassen i San Pedro de Sula i Honduras.

Foto: Esteban Felix / AP

Like etter dei kom til USA, blei dei tatt av grensekontrollen. Rolando Bueso Castello vart deportert etter nokre veker, medan vesle Johan på ti månader blei verande igjen i USA.

– Dette var aldri sonen min sin feil. Kvifor måtte han bli straffa for det, spør Castello.

– Eg kjem aldri til å sjå sonen min ta sine første skritt

Broren hans flytta til USA for sju år sidan, og bur no i Maryland med kone og barn. Også søstera deira har busett seg i landet.

Honduras The Beautiful Plan

Adalicia Montecinos, som no er sju månader gravid med Johans søster eller bror, ser på bilete av Johan.

Foto: Esteban Felix / AP

I vår starta Rolando og sonen reisa til USA. Den gravide kona hans, Adalicia Montecinos, skulle bli verande igjen i Honduras, og skulle møte dei i USA etter nokre månader.

Sist foreldra såg sonen sin, hadde han to mjølketenner. Dei siste fem månadene har han fått fleire tenner, teke sine første skritt, byrja å snakke og feira eittårsdagen sin.

– Eg kjem aldri til å sjå sonen min ta sine første skritt, eller feire hans første bursdag. Dette er augneblikk kvar einaste mor set pris på, og det har eg mista, seier Adalicia.

Honduras The Beautiful Plan

Berre ti månader gammal måtte Johan bli verande i USA etter at faren vart deportert tilbake att til Honduras.

Foto: Esteban Felix / AP

– Vi er her for den amerikanske draumen

50 mil frå grensa til USA måtte dei gjennomføre siste delen av reiseruta i ein trailer. Saman med andre håpefulle familiar, sat dei tre dagar i traileren.

Nokre dagar seinare kom dei fram til grensebyen Reynosa i Mexico. Dei brukte ein flåte som framkomstmiddel over Rio Grande-elva for å komme seg over til Texas.

Etter berre nokre minuttar på amerikansk jord, vart far og son oppdaga av ein grenseoffiser. Han spurte Rolando kvar dei skulle.

– Vi er her for den amerikanske draumen, svarte Rolando.

Honduras The Beautiful Plan

Foreldra til eitt år gamle Johan Bueso Monecinos heime i Libertad i Honduras. Fredag vart det kjent at han får komme tilbake att til familien sin.

Foto: Esteban Felix / AP

Rolando og hans ti månader gamle son vart plassert på ein interneringsleir, og det gjekk tre dagar før han fekk lov til å gi vesle Johan eit bad.

Etter fem dagar i varetekt fekk Rolando beskjed om at han skulle til avhøyr, og sonen vart teken frå han. Det skulle gå fem månader før han fekk sjå sonen sin neste gong.

Rolando vart deportert etter 22 dagar i varetekt i USA. Johan skulle komme til Honduras to veker etter faren.

Honduras The Beautiful Plan

– Eg kjem aldri til å sjå sonen min ta sine første skritt, eller feire hans første bursdag, seier Adalicia Montecinos.

Foto: Esteban Felix / AP

I rettssaka til eittåringen måtte dommaren, John W. Richardson, spørje Johans advokat om hans klient forstod rettane sine.

– Dette er berre flaut å spørje om, fordi eg veit ikkje kven du skulle forklare det til, med mindre du trur at ein eittåring forstår immigrasjonslov.

SISTE NYTT

Siste nytt