Angrepet skjedde i det som skal vere heimen til ein lokal rabbi i landsbyen Monsey i Ramapo, som ligg rundt ein time nord for New York. Det var fleire menneske samla der for å feire den jødiske høgtida hanukka.
Under feiringa kom det inn ein maskert person som byrja å stikke fleire av gjestane. Fem blei sende til sjukehus med skadar. For to av dei skal tilstanden vere kritisk, ifølgje organisasjonen OJPAC.
Gjerningspersonen flykta frå åstaden i bil. Politiet i New York fann bilen hans nokre timar etter angrepet. Den mistenkte blei arrestert i Harlem, men motivet for handlinga er ikkje kjent, skriv The New York Times.
– Dette er ei terrorhandling. Eg meiner dette er innanlandske terroristar. Dei prøver å skape frykt. Dei blir motiverte av hat. Dei gjennomfører masseangrep. Dette er terroristar i USA som gjennomfører terror mot andre amerikanarar, seier guvernør Andrew Cuomo.
Fordømmer angrepet
Angrepet skjedde raskt, seier Aron Kohn som var ein av gjestane som var til stades då gjerningsmannen tok seg inn i huset.
– Han starta å angripe folk i det han kom inn døra. Vi rakk ikkje å reagere, seier han til The New York Times.
Fylkesleiar Ed Day i Rockland County, der Monsey ligg, fordømmer angrepet.
– Politiet i Rockland skal snu kvar stein for å finne dei som er skuldige for dette brotsverket og sørge for at dei får ei streng og rettferdig straff, seier han i ei fråsegn.
Også Israels president, Reuven Rivlin, fordømmer angrepet på Twitter søndag.
– Eg er sjokkert og rasande over det forferdelege angrepet i New York, og ber for dei skadde. Antisemittisme er ikkje berre eit jødisk problem. Vi må samarbeide for å konfrontere dette aukande vondet, som er eit reelt globalt trugsmål.
Ifølgje The New York Times er om lag 31 prosent av innbyggarane i Rockland jødar. Mange av dei ortodokse jødane i USA bur i dette området.
Guvernør i New York, Andrew M. Cuomo, skriv på Twitter at han er sjokkert over angrepet, og at det er nulltoleranse for antisemittisme i New York. Han skriv at han har bede hatkrimgruppa i statspolitiet om å etterforske brotsverket.
Fleire angrep den siste tida
Angrepet i Money er det siste i ei rekke angrep retta mot jødar i og rundt New York, og skjer berre ein månad etter at ein mann måtte til sjukehus etter at han blei stukken på veg til ein synagoge i Monsey. Det er uvisst om nokon er sikta for angrepet.
I desember gjekk to menn til angrep på ein jødisk butikk i New Jersey. Seks personar mista livet i skytinga, inkludert dei to gjerningsmennene. Statsadvokat Gurbir Grewal i New Jersey sa at angrepet var eit uttrykk for jødehat.
Berre den siste veka har det ifølgje politiet vore minst seks angrep rundt New York som kan ha bakgrunn i antijødiske haldningar. Det har ført til at patruljeringa i jødiske nabolag i New York blei trappa opp før helga, skriv The New York Times.
Leiar for New York-avdelinga av borgarrettsorganisasjonen Anti-Defamation League, Evan Bernstein, seier mange er redde etter det som har skjedd den siste tida.
– Det vi har sett dei siste vekene, er det verste eg har opplevd i mine seks og eit halvt år i Anti-Defamation League, seier han til The New York Times.