Hopp til innhold

Fryktar ein «armensk Putin»

Etter eit mislukka møte med armenias sterke mann Serh Sarkisian, har opposisjonsleiaren blitt arrestert av sivilt politi. Folk i Armenia fryktar for at han vil gjere som Putin, og tvihalde på makta.

ARMENIA-POLITICS-VOTE-OPPOSITION-PROTESTS

ARRESTERT: Opposisjonsleiar Nikol Pashinyan i klammeri med politiet for nokre dagar sidan. No er han arrestert av sivilkledd politi.

Foto: KAREN MINASYAN / AFP

Det var eit bittert møte. Dei to leiarane stira på kvarandre og snakka med låg røyst. Opposisjonsleiar Nikol Pashinyan gjorde det klart at han ikkje var komen for å forhandle. Ekspresident og statsminister Serh Sarkisian må gå av, elles vil demonstrasjonane halde fram.

Laster Twitter-innhold

Like etter vart opposisjonsleiaren arrestert av sivilkledd politi. Dette til trass for at han har immunitet som medlem av nasjonalforsamlinga.

Fryktar for ein «armensk Putin»

Demonstrantane skuldar Sarkisian for å lyge til folket. Han hadde alt sote dei maksimale to periodar som president, og kunne ikkje søke attval.

Tilbake i 2015 endra han grunnlova slik at makta vart overført frå presidenten til statsministeren.

Kritikarane hevda at han førebudde seg på å bli statsminister, slik som Vladimir Putin hadde gjort, og slik tvihalde på makta.

Sarkisian forsikra folket om at han ikkje hadde ambisjonar om å bli statsminister.

Men i mars kom det signal om at Sarkisian ville bli statsminister likevel, og det var da folk byrja å demonstrere.

Og da han formelt vart utnemnd til statsminister i april, eksploderte raseriet.

Sjå demonstrasjonen i Jerevan direkte

Armensk journalist: – Farleg i Armenia no

NRK har vore i kontakt med ein journalist i Armenia, som seier folk er redde. Fleire journalistar har blitt angripne av sivilkledd politi, og han vil difor ikkje stå fram med namn.

Men NRK får vite at politiet no er i full gang med å arrestere leiarane for demonstrasjonen, i håp om å få situasjonen under kontroll.

Laster Twitter-innhold

Det er uvisst kor mange som har blitt arrestert i helga, men truleg over 300 menneske. Videoar på sosiale medium viser eldre kvinner som hamnar i klammeri med politiet.

I går var det den største demonstrasjonen sidan protestane byrja i mars.

Laster Twitter-innhold

SISTE NYTT

Siste nytt