Hopp til innhold

Her blir elbilane lada opp av vegen

Sist veke opna «eRoadArlanda», den første vegen i verda der elektriske bilar blir lada opp under køyring ved hjelp av ei elektrisk skjene i vegbana. Systemet kan bli aktuelt også her i landet.

Opning av elektrisk veg i Sverige.

Ein hendel under bilen får elektrisiteten frå bakken under skinna på vegbanen.

Foto: Jonathan Nackstrand / AFP

Førebels er det berre den to kilometer lange vegstrekninga mellom Arlanda-flyplassen og godsterminalen Roserberg som har blitt elektrifisert. Men styreleiar i konsortiet som står bak prosjektet, Hans Säll, har stor tru på at det kan bli bygd mange fleire elektriske vegar i åra framover både i Sverige og i utlandet.

Ein ombygd diesel-lastebil frå selskapet PostNord var den første som køyrde vegen etter den offisielle opninga. Säll seier til NRK at denne løysinga gjer at elbilar kan greie seg med langt lettare batteri enn det til dømes ein Tesla har i dag.

Lettare batteri

Hans Säll er styreleiar i konsortiet eRoadArlanda.

Hans Säll er styreleiar i konsortiet eRoadArlanda, som har bygd og utvikla den to kilometer lange vegen mellom Arlanda og Roserberg.

Foto: NCC

– Ein Tesla har eit batteri som veg rundt 600 kilo. Med dette systemet er det kanskje behov for eit halvparten så stort batteri, og det blir også billegare å produsere. Eg trur dette kan vere med på å nå det svenske målet om å ikkje lenger vere avhengig av fossilt drivstoff i 2030, seier han.

Dette er eit system der elbilen får straum frå ei elektrisk skjene under bakken via ein hendel under bilen. Dette er ikkje standard på elbilar i dag, men Säll seier at bilprodusentane følgjer nøye med på utviklinga. Han trur ikkje det naudsynte ekstrautstyret vil bli så dyrt, når det kjem i industriell produksjon.

Det er ikkje naudsynt å byggje nye vegar for å ta systemet i bruk, det kan byggjast inn i det eksisterande vegnettet. Og bilar som er i bruk i dag, kan enkelt byggjast om.

Det er den svenske oppfinnaren Gunnar Asplund som står bak den banebrytande teknologien.

VIDEO: Sjå selskapet sin informasjonsvideo

– Ikkje berre ei løysing

Gunnar Asplund.

Svenske Gunnar Asplund i selskapet Elways har utvikla teknologien.

Foto: Elways

Dei svenske vegstyresmaktene meiner at dette systemet er aktuelt for fleire av dei store hovudvegane i landet. Dersom ein får lagt skjener på det meste av hovudvegnettet, så er det aldri meir enn 45 kilometer mellom hovudvegane. Og det er ei strekning dei fleste elbilane alt i dag kan køyre på batteri.

– Vi må hugse at transportsektoren er viktig for å nå utsleppsmåla, men det er ikkje berre ei løysing på dette. Vi kjem til å trenge ein kombinasjon av elvegar, ladestasjonar og biobrensel for å nå utsleppsmåla, seier Hans Säll til NRK.

Les meir om elvegen ved Arlanda her

Norsk prosjekt

Her i landet samarbeider blant andre Vegdirektoratet og SINTEF om prosjektet ELinGO . Tom E. Nørbech frå Vegdirektoratet, som jobbar med den samfunnsøkonomiske delen av prosjektet, fortel at det først og fremst er godstransport og tungtrafikk dei tek føre seg.

Det er tre alternativ som blir vurderte. Det første er å bruke køyreleidning etter mønster frå trikk og tog. Dette er ei løysing som berre kan brukast av større køyretøy.

Det andre alternativet er ei skjene i vegbana, slik det er gjort forsøk med i Sverige.

Alternativ tre er induktiv trådlaus lading av køyretøya. Dette alternativet har kome kortast teknologisk, som gjer det vanskeleg å hente ut kostnadstal. Derfor blir dette ikkje vurdert i denne omgang.

– Vi arbeider med å kvalitetssikre funna no og legg fram ein sluttrapport i juni. Det er praktisk mogleg å gjennomføre dette, men spørsmålet er om dette er ein hensiktsmessig måte å få ned klimautsleppet på, seier Tom E. Nørbech til NRK.

VIDEO: SLik presenterer ELinGO prosjektet sitt.

SISTE NYTT

Siste nytt