Hopp til innhold

Israel vurderer å sleppe varer inn på Gazastripa

Israel vurderer å opne ein grenseovergang til Gazastripa. Dersom det er roleg i området dei neste dagane kan overgangen opne frå og med tysdag, ifølgje forsvarsminister Avigdor Lieberman.

Avigdor Lieberman l

Den israelske forsvarsministeren Avigdor Lieberman besøkte søndag grenseovergangen Kerem Shalom.

Foto: Amir Cohen / Reuters

– Dersom dagen i dag og morgondagen held fram slik som i går, kjem vi til å opne grenseovergangen Kerem Shalom og utvide sonene der fisking er tillate til det normale, seier Lieberman.

Tidlegare denne veka valde israelske styresmakter å stengje grenseovergangen for transport av gass og drivstoff. Dette er den einaste vegen for å frakte varer og humanitær hjelp inn i Gaza.

Våpenkvile

Lieberman besøker grenseovergang

Grenseovergangen Kerem Shalom har vore stengd sidan tysdag.

Foto: Amir Cohen / Reuters

Utsegna frå Liebermann kjem etter at Hamas, som kontrollerer Gazastripa, natt til laurdag kunngjorde ei våpenkvile.

– Takka vere innsats frå Egypt og FN har vi kome fram til ei avtale om å vende tilbake til fred mellom Israel og palestinske grupperingar, sa Hamas-talsmann Fawzi Barhoum natt til laurdag.

Han sa dette døgnet etter ei kraftig opptrapping av konflikten mellom Hamas og Israel. Fire palestinarar og ein israelar vart drepne fredag.

Israel har ikkje offisielt stadfesta at dei godtek våpenkvila, men har understreka at dei ikkje har interesse av nokon ny krig med Hamas.

Lieberman på grenseovergangen til Gaza

På grensa står fleire lastebilar som ikkje får køyre varer inn på Gazastripa fordi overgangen er stengd.

Foto: Amir Cohen / Reuters

Blokade

Israel har innført ein streng blokade på Gazastripa, og militante palestinske grupper har svart med å skyte fleire tusen heimelaga rakettar, brennande ballongar og granatar mot det sørlege Israel.

Israelske representantar har sagt at dei ikkje tolererer fleire oppskytingar i framtida.

– Bebuarane på Gaza må forstå at så lenge ballongar startar brannar i Israel, kjem dei ikkje til å kunne leve som normalt, sa Lieberman, ifølge Haaretz.

– Eg håpar at dei neste par dagane vert rolege, la han til.

SISTE NYTT

Siste nytt