Hopp til innhold

Kim Jong-un har funne hotellet – men vil ikkje betale

Kim Jong-un har plukka ut luksushotellet han gjerne vil bu på under toppmøtet med Donald Trump i Singapore seinare denne månaden. Men han vil ikkje betale for opphaldet sjølv.

Kim Jong-un og Fullerton Hotel.

Kim Jong-un har gjort det klart at han vil bu på Fullerton Hotel under opphaldet i Singapore. Det er uklart kven som til slutt skal betale.

Ifølgje den amerikanske avisa Washington Post har den nordkoreanske leiaren sett seg ut The Fullerton Hotel, der ei natt i presidentsuiten kostar 52.000 kroner. Årsaka til at han, eller den nordkoreanske staten, ikkje vil betale for opphaldet, grunngir dei med dei knallharde økonomiske sanksjonane mot landet.

Kjelder i den amerikanske administrasjonen seier at dei godt kunne ha betalt for opphaldet til Kim Jong-un og følgjet hans, men at dei er redde for at det kan vere eit feil signal å sende til nordkoreanarane.

Toppmøte 12. juni

Donald Trump.

Donald Trump seier han ser fram til toppmøtet med Kim Jong-un.

Foto: Leah Millis / Reuters

Dei skal vere redde for at den nordkoreanske diktatoren skal bli fornærma. Derfor skal amerikanske diplomatar ha gjort ein framstøyt overfor Singapore for å få dei til å betale, ifølgje Washington Post.

Det planlagde toppmøtet mellom Donald Trump og Kim Jong-un skjer i den søraustasiatiske bystaten 12. juni. Sist veke gjorde Donald Trump det klart at han hadde avlyst toppmøtet på grunn av ein del negative utspel frå Nord-Korea.

Så sende Kim Jong-un eit brev til Trump, og innhaldet i brevet fall i god jord hos den amerikanske presidenten. Så sa han at det kanskje kunne bli eit toppmøtet likevel, og enden på visa vart at møtet skulle skje på den opphavlege datoen 12. juni.

Fredsprisvinnar vil betale

Talskvinne for Det kvite hus, Heather Nauert, avviser at USA skal betale for hotellopphaldet til Kim Jong-un, og ho gjer det klart at dei heller ikkje be andre land om å gjere det. CNN melder at Den internasjonale kampanjen for forbod mot atomvåpen, fredsprisvinnaren for 2017, vil betale hotellrekninga.

Kim Jong-un

Det er knytt stor spenning til kva måte den nordkoreanske leiaren Kim Jong-un vil reise til Singapore på.

Foto: Reuters Tv / Reuters

– Vi arbeider for å fjerne alle atomvåpen og vi trur toppmøtet er ein sjanse til å arbeide for fred og nedrusting, heiter det i ei fråsegn frå gruppa.

Fullerton er eit stort nyklassisk hotell med fem stjerner midt i forretningsstrøket i Singapore, og det har vore brukt fleire gonger av nordkoreanske toppar.

Det er likevel ikkje berre hotellrekninga på Fullerton som skapar hovudbry. Det er også uvisst korleis Kim Jong-un skal kome seg til Singapore. Han brukar helst å ville reise med tog , men det kan bli vanskeleg blant anna på grunn av avstanden.

Shangri-Lah Hotel i Singapore.

Donald Trump og følgjet hans skal truleg bu på Shangri-Lah Hotel under opphaldet i Singapore.

Foto: Edgar Su / Reuters

Kan reise med fly

Den nordkoreanske flyparken består i stor grad av eldre sovjetiskbygde maskinar, og dei kan få problem med den lange avstanden mellom Pyongyang og Singapore. Det kan bety at Kim Jong-un må leggje inn ei mellomlanding i Kina.

Donald Trump sjølv skal ifølgje Washington Post bu på Hotel Shangri-La, eit luksushotell med 747 rom og ofte brukt til konferansar med behov for høgt tryggleiksnivå.

HVa skjer når verdens mektigste mann tilsynelatende stadig skifter mening?

SISTE NYTT

Siste nytt