Hopp til innhold

Kommentator om Trumps tweet: – Tyder på at han ikkje kjem til å halde Putin ansvarleg

President Donald Trump seier USAs forhold til Russland aldri har vore verre, og gir amerikanske etterforskarar skulda. Dermed fjernar han alt ansvar frå Russland og Putin, seier Vårin Alme, kommentator for Amerikanskpolitikk.no.

Presidentene Donald Trump og Vladimir Putin skal i dag møtes i Helsinki.

TOPPMØTE: Det er venta at den russiske presidenten Vladimir Putin landar i Helsingfors klokka 11.25. Her kan du følgje møtet direkte.

– Våre relasjonar til Russland har ALDRI vore svakare takka vere fleire år med amerikansk dumskap, og no den rigga heksejakta, skriv Trump på Twitter.

Laster Twitter-innhold

Tweeten kjem få timar før Trump skal møte den russiske presidenten Vladimir Putin i Helsingfors i Finland.

Trump refererer til spesialetterforskar Robert Mueller, den tidlegare FBI-direktøren som har ansvaret for granskinga av skuldingane om russisk innblanding i presidentvalet i 2016.

Møtet i Helsingfors skjer berre tre dagar etter at tolv russiske militære etterretningsagentar vart tiltalte av Mueller for å stå bak hacking av e-postane til Demokratane.

– Lar Putin sleppe unna

Ved å seie dette fjernar Trump alt ansvar frå Russland og Putin, seier Vårin Alme, statsvitar og kommentator for Amerikanskpolitikk.no.

– Dette er ganske oppsiktsvekkjande. Her sår Trump tvil om at det var Russland som stod bak innblandinga i presidentvalet i 2016, og om denne innblandinga i det heile tatt skjedde, forklarar Alme.

Ho meiner dette tyder på at Trump ikkje kjem til å halde Putin ansvarleg.

– Det er ein invitasjon til Putin inn i varmen igjen, seier Alme.

Kommentator om Trumps tweet før møtet med Russland

Spente på agendaen

USAs president Donald Trump og kona Melania har kome til presidentpalasset i Helsingfors. Der skal han ete frukost med Finlands president Sauli Niinistö før møtet med Putin.

Planen for møtet med Putin er at dei to først skal møtast på tomannshand, før det vert ein utvida arbeidslunsj med fleire deltakarar. Programmet vert avslutta med ein felles pressekonferanse.

Det er ikkje sendt ut nokon agenda for møtet, og ein veit dermed ikkje kva dei to presidentane kjem til å snakke om.

Alme seier at det er knytt stor spenning til om Trump kjem til å ta opp den russiske innblandinga i den valkampen med Putin.

– Eg trur dette møtet kjem til å handle som saker der Trump meiner dei kan bli samde, slik at han kjem ut av møtet med ein gevinst, seier Alme, og nemner kampen mot IS i Syria, atomvåpen og Nord-Korea som døme på slike saker.

Donald Trump, Melania Trump, Sauli Niinisto, Jenni Haukio

President Donald Trump og kona Melainia Trump kom i føremiddag til det finske presidentpalasset der Trump møtte den finske presidenten Sauli Niinistö (t.v.)

Foto: Pablo Martinez Monsivais / AP

Russland har tru på framsteg

Kreml meiner det bør vere mogleg å ta eit lite steg framover når Trump og Putin skal møtast.

– Dei respekterer kvarandre., og dei snakkar rimeleg godt saman, seier den russiske presidentens pressetalsmann Dmitrij Peskov til den russiske statskanalen RT.

Ifølgje Peskov kan likevel samtalene Syria bli vanskelege fordi USA og Russland ikkje er samde om rolla til Iran.

– Vi veit kvar Washington står når det gjeld Iran. Samtidig er Iran ein god partnar for oss, både økonomisk og politisk, seier han.

SISTE NYTT

Siste nytt