Hopp til innhold

Kva skal prinsen heite? Her er dei beste tipsa

LONDON/OSLO (NRK): Arthur, Albert, Frederick, James og Philip er blant dei mest aktuelle namna den nyfødde britiske prinsen kan få. Alt tyder på at det blir eit namn prega av britiske tradisjonar.

– Det blir tre ganger så mye å bekymre seg over nå, spøkte prins William da han og hertuginne Kate viste frem sin nyfødte sønn.

Hertuginne Kate og prins William kom ut på trappa ved 19-tida måndag.

Hertuginne Kate og prins William fekk sitt tredje barn måndag formiddag. Prinsen blei fødd på den private fødeklinikken Lindo Wing på St. Mary's Hospital i London klokka 11.01 britisk tid (12.01 norsk tid).

Frå før har paret sonen prins George (4) og dottera prinsesse Charlotte (2).

Dei forlèt sjukehuset rundt klokka 19.00 norsk tid, sju timar etter fødselen. På spørsmål om kva namn prinsen skal få, svarte hertuginna slik:

– Det får de snart vite.

Britain Royal Baby

Prins William tok med seg dei to eldste borna, prins George (4) og prinsesse Charlotte (2) til fødeklinikken Lindo Wing der dei fekk helse på den nye veslebroren.

Foto: Kirsty Wigglesworth / AP

– Arthur favoritt

Veddemålsagentane har nok å gjere. Alex Apati er PR-agent i Ladbrokes.

– Arthur har vore favoritt lenge, seier Apati til NRK.

– Men om du ikkje vil setje pengane dine på Arthur, er James, Albert og Philip gode alternativ, legg han til.

Tradisjonsrikt namn

Arthur er eit namn med lange tradisjonar i Storbritannia. Kong Arthur er ein legendarisk, mytisk konge som skal ha levd på 500-talet.

Arthur er eitt av prins Charles sine mellomnamn (Charles Philip Arthur George). Også prins William har Arthur i namnet sitt (William Arthur Philip Louis).

Tidlegare statsminister i Storbritannia, David Cameron, har ein son som heiter Arthur.

Mange britar held også ein knapp på Philip. Prins Philip har hatt mykje å seie for prinsane William og Harry i oppveksten. Mellom anna var det han som overtalte dei to prinsane til å gå saman med prins Charles i gravferda til prinsesse Diana.

Et oppslag ble satt opp på et staffeli utenfor slottet i London mandag ettermiddag.

Utanfor Buckingham Palace blei det måndag plassert eit staffeli med ein beskjed om at prinsen var kommen til verda. Beskjeden var signert av medisinsk personell ved St. Mary's Hospital.

Opptatt av tradisjonar

Kate og William har tidlegare vist at dei er opptatt av namnetradisjonar.

Sonen George heiter eigentleg George Alexander Louis. Han er kalla opp etter dronning Elisabeth sin far, George VI. Når George ein gong blir konge, skal han kallast George VII.

Louis-namnet er frå Louis Francis Albert Victor Nicholas Mountbatten, som var prins Philips onkel. Han døydde i eit IRA-attentat.

Dottera Charlotte er – med namnet Charlotte Elizabeth Diana – kalla opp etter bestemor og oldemor. Charlotte er mellomnamnet til hertuginne Kate si søster, Philippa Charlotte «Pippa» Middleton.

No ventar det britiske folket i spenning på kva prinsenamnet blir.

SISTE NYTT

Siste nytt