Hopp til innhold

Ny studie: Verda har blitt mindre fredeleg for fjerde år på rad

Trudde du at verda var blitt ein betre stad? Tru om igjen. Det er mindre fred i verda i dag enn for ti år sidan, syner fersk rapport.

Tyrkiske soldater på vei inn i Syria

Tyrkiske soldatar på veg inn i Syria.

Foto: Saleh Abo Ghaloun / AFP

Interne politiske konfliktar kan føre til at eit land vert mindre fredeleg. For verdsøkonomien medfører dette utgifter på fleire milliardar dollar.

Det kjem fram i den årlege oversikta av fred i verda, presentert av The Institute for Economics and Peace (IEP) .

Rapporten baserer seg på 23 indikatorar som måler sikkerheit og tryggleik, graden av pågåande konfliktar og kor militarisert samfunna er. Resultata vert målt i «Global Peace Index» (GPI), som dekker 99,7 prosent av befolkninga.

– Det har vore ein gradvis forverring i fred det siste tiåret, seier Steve Killelea, leiar av IEP som har base i Australia.

Fred og økonomi heng saman

I 2017 kosta verdskonfliktane kring 14,8 milliardar dollar. Det vert rundt 2000 dollar per person, eller 16.500 norske kroner.

– Fred er låst saman med økonomisk velstand, seier Killelea i rapporten.

Rapporten syner at dei landa som har blitt meir fredelege har opplevd sju gonger høgare vekst i bruttonasjonalprodukt (BNP) i forhold til land som vert mindre fredelege.

Fred i verda

Global Peace Index har gått ned 0,27 prosentpoeng i 2018 samanlikna med 2017.

Foto: Skjermdump / IEP

Europa er det fredelegaste kontinentet

I 2018 vart det farlegare å bu i 92 land enn tidlegare, medan 71 land vart meir fredelege. Midtausten og Nord-Afrika held fram med å vere verdas minst fredelege regionar.

– Konfliktane i Midtausten og Nord-Afrika fører til forverring på verdsbasis, seier Killelea.

Europa er framleis den tryggaste regionen i verda. Dette er grunna politisk stabilitet og tryggleikstiltak i forhold til terror og kriminalitet.

Flyktningar på grensa mellom Hellas og Makedonia.

Flyktningar på grensa mellom Hellas og Makedonia.

Foto: SAKIS MITROLIDIS / Afp

Dette trass i flyktningstraumen frå 2015 der rundt ein million menneske har forsøkt å kome seg over til Europa frå Afrika og Midtausten sidan då.

Likevel er det fleire land i Europa som har blitt mindre fredelege, deriblant Spania. Konflikten i Catalonia førte til politiske spenningar, og landet fall ti plassar ned på lista over fredelege land.

Interne politiske konfliktar har ført til at 13 andre land i Europa òg har blitt mindre fredelege.

Grafen syner ei oversikt over fred i regionane i verda, målt etter Global Peace Index (GPI). Sjølv om Midtausten og Nord-Afrika er dei minst fredelege landa i verda, er dei i 2018 litt fredelegare enn i fjor. Dei fire fredelegaste regionane, deriblant Europa og Nord-Amerika, hadde ein nedgang.

– Problem må bli løyst på eit regionalt plan framfor på nasjonale plan for å oppnå meir fred, seier Killelea.

Norge verdas nest tryggaste land

Norge er verdas nest tryggaste land – etter Island. Dette er målt i land som har den beste sikkerheita.

Når det kjem til kor fredeleg Norge er derimot, ligg vi på ein 11.-plass på Europa. Island er det tryggaste landet i regionen, medan Tyrkia ligg nedst på rangstigen.

SISTE NYTT

Siste nytt