Hopp til innhold

Planlegg ny evakuering på Hawaii

1000 innbyggjarar på Hawaii gjer seg klare til å forlate heimane sine. Ekspertane fryktar nye utbrot frå Kilauea-vulkanen, og forsvaret førebur seg på masseevakuering.

Hawaii Volcano

Lava sprutar i lufta nær området Pahoa på øya Hawaii.

Foto: George F. Lee / AP

Den amerikanske marinen opplyste torsdag at to store transporthelikopter er sende til øya frå basen ved Honolulu. Kvart helikopter kan ta 50 passasjerar.

Kilauea-vulkanen ligg på øya Hawaii, som er den største øya i delstaten. Etter at vulkanutbrota starta 3. mai, er rundt 2000 menneske evakuerte.

APTOPIX Hawaii Volcano

Lava spreier seg gjennom landskapet på Hawaii.

Foto: AP

Kan bli isolerte

Styresmaktene seier at det kan bli nødvendig å evakuere 1000 menneske til.

Det er stor fare for at lava frå vulkanen skal sperre hovudvegane til dei mest avsidesliggjande delane av øya, og dersom innbyggjarane ikkje blir evakuerte før det eventuelt skjer, vil dei bli heilt isolerte. Dei vil ikkje kunne nå verken butikkar, skular eller sjukehus.

Sidan utbrota starta, har det komme ut lava frå meir enn 20 sprekkar som har opna seg i bakken. 50 bygningar er øydelagde – rundt halvparten av dei er bustadhus.

Ein person er skadd etter at han blei treft av ein flygande lavabit.

Lava fra Kilauea-vulkanen på Hawaii

Desse opptaka er frå tidlegare i mai.

Farlege gassar

Det lek også ut farlege gassar frå sprekkane i bakken. Folk er bedne om å halde seg unna.

Sist helg nådde lavaen havet. Reaksjonen mellom vatn og lava dannar det som på engelsk blir kalla «laze». Dampen kan føre til lungeskadar og irritasjon på hud og auge, ifølgje sivilforsvaret på Hawaii.

Kilauea er ein av dei mest aktive vulkanane i verda. Vulkanen har sendt oske og stein fleire tusen meter opp i lufta.

Hawaii Volcano

Oskesky frå vulkanutbrotet på Hawaii.

Foto: U.S. Geological Survey / AP

SISTE NYTT

Siste nytt