Hopp til innhold

President Assad bak rattet i Aust-Ghouta

– Som de ser, vender folk seg bort frå opprørsgruppene og tilbake til styresmaktene, seier den syriske presidenten på biltur i Aust-Ghouta. Bashar al-Assad sette seg sjølv bak rattet då han besøkte det krigsherja området søndag.

Syrias president Bashar al-Assad sat sjølv bak rattet då han besøkte syriske soldatar i Ghouta.

President Bashar al-Assad køyrer bil i Aust-Ghouta og møter syriske regjeringssoldatar.

Aust-Ghouta ligg like utanfor den syriske hovudstaden Damaskus. Området blir kontrollert av ulike opprørsgrupper, og i fleire veker har det vore harde kampar mellom desse gruppene og den syriske regjeringshæren, som har støtte av russiske kampfly.

Ifølgje Syrian Observatory for Human Rights er 1400 sivile drepne i kampar her den siste månaden.

Assad ved frontlinjen

President Bashar al-Assad møter regjeringssoldatar i Aust-Ghouta.

Foto: HO / AFP

– Opna ein livsnerve

For første gong på fleire år besøkte den syriske presidenten området søndag. Etter besøket har presidentens kontor publisert bilete og video av Assad i møte med jublande soldatar.

Måndag kom ein video som viser Assad som sjølv køyrer bil gjennom området.

På veg til flyplassen seier han at denne vegen har opna ein livsnerve, og fått oksygenet i omløp igjen i landet.

– Vender seg mot styresmaktene igjen

Han seier også at dei som bur i området no vender seg mot styresmaktene igjen, etter at ulike opprørsgrupper har kontrollert området sidan 2012.

– Dermed skjer det vi alltid har sagt - at folk set pris på staten, og at styresmaktene er den rettmessige mor og far for alle menneske, og ein avgjerande faktor i alle militære og politiske prosessar, seier Assad.

Syriske regjeringsstyrkar kontrollerer no rundt 80 prosent av Aust-Ghouta.

Laster Twitter-innhold

SISTE NYTT

Siste nytt