No seier han ifølgje avisa The Wall Street Journal at han har gjort ein feil.
– Eg hadde tenkt å sende eit sterkt signal. Problemet er at eg kom til å bruke eit upassande språk, seier han til avisa.
Justin Trudeau vil ikkje svare på spørsmål frå nyheitsbyrået Reuters om han godtek orsakinga frå Peter Bavarro.
G7-toppmøte i Canada
Det var under eit intervju med Fox News sist søndag at Peter Navarro kom med tiraden mot Justin Trudeau. Det skjedde etter at Trudeau på ein pressekonferanse etter G7-toppmøtet i Canada, kom med dårleg skjult kritikk av USAs president Donald Trump.
Trudeau sa blant anna at Canada ville setje i verk mottiltak som svar på at USA nyleg innførte ekstra toll på stål og aluminium. Dette vil ramme både Canada og mange andre land. Han gjorde det også klart at Canada ikkje ville late seg herse med av USA.
– Det er avsett ein spesiell plass i helvete for ein kvar leiar som først er i dialog med president Donald Trump, for deretter å prøve å knivstikke han i ryggen på veg ut. Det var akkurat det Justin Trudeau gjorde på pressekonferansen, sa Navarro.
Også ein annan Trump-rådgjevar, Larry Kudlow, kom med knallhard kritikk av Trudeau etter pressekonferansen etter G7-toppmøtet.
– Svak og uærleg
Også president Trump reagerte sterkt på fråsegnene til Justin Trudeau. Han
til slutterklæringa frå G7-toppmøtet, og han kalla den kanadiske statsministeren for både svak og uærleg.I ei Twitter-melding skriv Trump blant anna at tollen på stål og aluminium er eit svar på Canadas 270 prosents toll på alle meieriprodukt. Den amerikanske presidenten kom også med
.I dag sa Trump ifølgje den britiske avisa
at Trudeau nok har lært av feilen han gjorde etter G7-toppmøtet ved å kritisere han, og at det kjem til å bli dyrt for kanadiarane.– Han har lært. Det kjem til å koste det kanadiske folket dyrt. Han har lært. Ein kan ikkje gjere slikt, sa Donald Trump medan han vifta med peikefingeren.