Hopp til innhold

Somalias statsminister lover å undersøke påstandar om koranskular

Somalias statsminister Hassan Ali Khayre seier regjeringa vil undersøke grundig påstandane om mishandling av norske barn ved koranskular i Somalia, og dele opplysningane med norske styresmakter.

Oslo Forum 2018

VIL UNDERSØKE: Somalias statsminister Hassan Ali Khayre (t.h.) svarte på spørsmål om dei omstridde koranskulane, dit norske barn har blitt sendt som ein del av barneoppsedinga, på ein pressekonferanse på Losby gods tysdag. Han var saman med utanriksminister Ine Eriksen Søreide og FNs generalsekretær António Guterres.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Det var NRK som avslørte at norsk-somaliske barn blir sende til koranskular i Somalia, der det skal ha vore streng kustus, og fysisk avstraffing.

Somalias statsminister, som også er norsk statsborgar, seier på spørsmål frå NRK, at han har diskutert saka med norske styremakter.

– Vi har byrja undersøke saka basert på at norske styremakter har teke det opp med oss, sa Khayre, som deltok på ein pressekonferanse på fredsmeklingskonferansen Oslo Forum på Losby gods tysdag.

– Vi gjer alle nødvendige tiltak for å trygge barn sine rettar både i Noreg og Somalia.

På spørsmål frå NRK etter pressekonferansen om kva konkrete tiltak som er sett i verk, er statsministeren meir ordknapp:

– Eg trur ikkje det er naturleg av ein statsminister å kommentere korleis ei spesiell sak blir undersøkt av styremaktene. Eg har løpande kontakt med den norske regjeringa, så blir det gjort ei grundig undersøking. Og når konklusjonen er gjort, vil eg dele denne med norske styresmakter.

– Har ikkje tid til å følge debatten i Noreg

Khayre kom til Vestre Slidre som flyktning på slutte av 1980-talet. Da han vart statsminister i Somalia 2017, hadde han både somalisk og norsk statsborgarskap.

Kva syns du om debatten rundt koranskulane i norske medium?

– Eg er statsminister i eit land som krev mykje merksemd, 24 timar i døgnet er ikkje nok. Så diverre føl eg ikkje med så mykje, men det eg veit får eg gjennom norske styremakter som vi har veldig godt samarbeid med.

–Og dermed skal vi sørge for at vi føl opp dette, og vi gjer det gjennom dei riktige kanalane, sa Khayre til NRK.

Losby gods

PRESSEKONFERANSE: Somalias statsminister Hassan Ali Khayre (t.h.), til venstre utanriksminister Ine Eriksen Søreide og FN-generalsekretær António Guterres, (midten).

Foto: Erik Pessl-Kleiven / nrk

Diskuterer fred

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) er vert under konferansen for mellom anna FN-generalsekretær António Guterres.

Til saman er det over hundre deltakarar, men alle namna blir ikkje offentleggjort. Gjestane er lova ein låg profil når dei utvekslar erfaringar frå fred- og forsoningsprosessar, i grøne omgjevnadar i Lørenskog.

Somalias statsminister Khayre fortel til NRK at det er ei positiv utvikling i Somalia med meir politisk stabilitet og ein økonomi som er i ferd med å styrke seg.

SISTE NYTT

Siste nytt