Hopp til innhold

Drapsdømd rømling kan vere observert i dag tidleg

Store politistyrkar har i heile natt jakta på ein 25 år gammal drapsdømd mann, som greidde å stikke av frå ein fangetransport utanfor den svenske byen Örebro i går. Han kan ha greidd å stikke av i ein bil.

Mordmistenk rømt i Sverige

Politiet leiter etter den drapsdømde mannen både frå lufta og på bakken.

Foto: Jeppe Gustafsson/tt / NTB scanpix

Avisa Aftonbladet melder at vitne har fortalt at dei såg ein mann ta seg ut av ein stall, før han vart plukka opp av ein bil. Politiet kan ikkje stadfeste at dette var rømlingen, og jakta på han held fram med uforminska styrke.

– Vitna har fortalt at ein bil kom opp til garden deira, og ein mann kom ut av ein stall og sette seg inn i bilen. Dei seier at personen likna på bilete dei har sett av den etterlyste, seier Christina Hallin ved politiet i Örebro.

Det skal ha vore fleire personar i bilen.

Jakta held fram ut over dagen med helikopter, fot- og hundepatruljar. Mannen vart i april i år dømd til 14 års fengsel for å ha drepe ein annan mann med kniv. Politiet seier at fangen på flukt kan vere desperat og farleg. Det er slått riksalarm.

– Han kan vere meir eller mindre desperat når han er på flukt, seier Christina Hallin.

Politiet oppmodar folk i området om å låse dørene i alle bilar og uthus, samt å halde born innandørs. Dette fordi rømlingen både kan vere farleg, og fordi dei fryktar at det kan utvikle seg til ein gisselsituasjon.

– Bad om å få gå på do

Claes Nöjd

Claes Nöjd er ansvarleg for den nasjonale transporteininga i Den svenske kriminalvården.

Foto: SVT

Det var like etter kl. 11.30 torsdag at mannen greidde å stikke av frå vaktarane sine. Det skjedde under transport frå ein rettspsykiatrisk klinikk i Göteborg til fengselet Salberga i Sala. Ikkje stadfesta opplysningar til avisa Metro går på at mannen hadde bede om å få gå på do.

Fangetransporten stansa ved ein innsjø, melder SVT . Her greidde 25-åringen å stikke av frå vaktarane sine, og dei fann han ikkje igjen. Dette trass i at han hadde handjern på seg og var berrføtt. Han var elles kledd i klede frå fengselsvesenet, ei grå T-skjorte og ei avklipt bukse.

Claes Nöjd, leiar for den nasjonale transporteininga i Kriminalvården, seier at fangetransportar stansar utanfor såkalla sikre område «berre når det er strengt nødvendig».

Han legg til at granskinga vil gi svar på at dette var eit slikt tilfelle. Han seier til SVT at dette var den første rømminga frå ein fangetransport på tre år, og at dei har rundt 75.000 slike transportar i året.

Ketty Axelsson ble vitne till hendelsen. Hun er intervjuet av svensk tv, SVT

VIDEO: Sjå innslaget frå SVT.

Ingen skadd

Det var fleire andre fangar med i fangetransporten, men ingen av dei andre skal ha prøvd å stikke av. Ingen vart skadd i hendinga. Politiet understrekar at det er snakk om ei rømming, og at han ikkje er sett fri av medhjelparar.

Den drapsdømde mannen kom seg unna i eit skogsområde, og i går kveld var leitinga konsentrert om eit område på 20 kvadratkilometer rundt staden der han forsvann.

Den rømde fangen er berrføtt og har handjern på, noko som skulle indikere at han ikkje har kome seg så veldig langt. Terrenget blir karakterisert som ulendt.

Advokaten Evin Cetin representerte dei pårørande til personen 25-åringen er dømd for å ha teke livet av. – Dette burde ikkje ha vore mogleg. Det er svært alvorleg at ein fange som er dømd for drap greier å flykte, seier ho til SVT. Ho fortel at dei pårørande er orientert om rømminga, og at dei følgjer nøye med.

Politiet opplyser at mannen som no er på flukt er 25 år, 177 cm høg, slank/veltrent kroppsbygning, rektangulær ansiktsform, svart krusa hår, lett mørkhuda med rett nase.

laxå