Hopp til innhold

– Vi nyttar eit språk Trump forstår – mobbing

LONDON (NRK): Fleire tusen menneske går i ettermiddag i demonstrasjonstog mot USAs president Donald Trump i London. Først ute er ein kvinnemarsj, som skal ende opp ved parlamentet.

Flere tusen kvinner protesterer mot Trumps London-besøk, og for kvinners rettigheter verden over.

DIREKTE: Følg demonstrasjonen i London.

Initiativtakarane til Donald Trump-ballongen, som no svevar lufta like ved parlamentet i London, seier dei bevisst brukar eit språk dei veit Trump forstår, nemleg mobbing.

Det er venta at titusenvis av menneske vil delta i demonstrasjonen mot den amerikanske presidenten i London og andre britiske byar i dag. Trump likar dårleg den varsla demonstrasjonen, og at dei har fått løyve til å hengje opp den gigantiske ballongen ved parlamentet i bydelen Westminster.

Ballongen framstiller Trump som ein skrikande baby med bleie. NRK møtte i føremiddag ein av initiativtakarane til ballongstuntet, Matt Bonner.

– Eit språk Trump forstår

Matt Bonner

Matt Bonner er ein av initiativtakarane til ballongstuntet i London.

Foto: Øyvind Nyborg / NRK

– Vi bestemte oss for å lage ein oppblåsbar baby-Trump fordi vi syntest det var ein god måte å demonstrere på. Vi nyttar eit språk som Trump forstår, nemleg mobbing. Han har mobba folk i mange år. Han har eit stort ego, og det er på denne måten vi prøver å nå inn til han, seier Bonner.

Han meiner at Trump, til liks med ballongen, ikkje er spesielt tjukkhuda.

– Mange i Storbritannia føler at Donald Trump har sine støttespelarar i vår eigen konservative regjering. Men folk er forbanna på mobbinga hans, på rasismen og klimapolitikken og hans syn på migrantar. Lista er endelaus, legg Matt Bonner til.

Demonstrasjon mot Trump i london

Slik heng ballongen utanfor Westminster i London.

Foto: Øyvind Nyborg / NRK
Demonstrasjon mot Trump i London.

Ein del av gjengen bak ballongstuntet framfor figuren.

Foto: Øyvind Nyborg / NRK

Kvass kritikk

Det er borgarmeister Sadiq Khan som har godkjent heisinga av ballongen, og Trump kjem i eit intervju med avisa The Sun med kvass kritikk av han. Han skuldar Khan for å ha gjort ein dårleg jobb, og han viser blant anna til mykje kriminalitet og terror i London.

Sadiq Khan reagerer sterkt på at Trump nærmast gir han skulda for terrorangrepa i byen.

Den amerikanske presidenten kjem også med beisk kritikk av statsminister Theresa May i intervjuet, men han passar også på å seie at han likar henne godt. I Intervjuet rosar han Boris Johnson, som trekte seg som utanriksminister tidlegare denne veka i protest mot brexit-politikken til May

Dei som organiserer protestane mot Trump opplyser at det er planlagt demonstrasjonar i 50 byar i Storbritannia i dag og i morgon.

Her heiser demonstrantane opp gigantballongen.

Erna Solberg: – Ikke noe nytt i det Nato-landene har blitt enige om

Dette er de fem ømmeste punktene mellom May og Trump

Skottland før toppmøte

Frå v. Melania Trump, Donald Trump og Theresa May.

I går kveld var det middag for det amerikanske presidentparet på Blenheim slott. Frå venstre Melania Trump, Donald Trump og Theresa May.

Foto: Geoff Pugh / AFP

Trump sjølv har ikkje tenkt å opphalde seg i London så lenge. Han overnatta i den amerikanske ambassadørbustaden i Regent's Park, og området har vore totalt avstengt av politiet av frykt for uro.

I dag skal han først vitje ein militærbase, før han skal ha eit bilateralt møte med Theresa May. Etter dette møtet blir det truleg ein pressekonferansen. I ettermiddag skal Trump til te med dronning Elizabeth i Windsor Castle.

Etter det offisielle programmet i dag reiser presidenten til den golfklubben han eig i Skottland, der han skal opphalde seg i helga. Deretter går ferda til den finske hovudstaden Helsingfors, der det blir toppmøte mellom Trump og hans russiske kollega Vladimir Putin.

SISTE NYTT

Siste nytt