Hopp til innhold

Talkumpulver knytt til ny type kreft

Talkumpulver-produsenten Johnson & Johnson (J & J) er dømd til å betale nesten ein milliard kroner i erstatning til ein mann som meiner han har fått lungekreft på grunn av asbest i pulveret.

Talcum Powder-Cancer Lawsuit

KREFTFRAMKALLANDE? Babypulveret til Johnson & Johnson er i hardt ver, etter at ein kreftsjuk mann frå New Jersey meiner pulveret gav han lungekreft.

Foto: Matt Rourke / AP

Dommen kan opne opp for tusenvis av nye søksmål frå menneske som meiner talkumpulver har gjeve dei kreft, melder Reuters.

Frå før av kjempar badeprodukt-giganten mot 6.000 søksmål som hevdar talkumpulver har ført til eggstokk-kreft.

Talkum kan føre til lungekreft

Advokatane som hadde ført saka i New Jersey, tok til tårene da juryen kom til at J&J sitt ikoniske babypulver hadde blitt forureina med asbest og var kreftframkallande, skriv Bloomberg.

Det var børsmeklaren Stephen Lanzo frå New Jersey som saksøkte badeproduktgiganten J&J. Han hevda at babypulver var årsaka til at han hadde utvikla krefttypen brysthinnekreft etter å ha brukt babypudder heile livet. Kreftsjukdomen er sterkt knytt til asbest og røyking.

I rettssaka hevda advokatane at dei hadde funne interne dokument frå J&J, som beviste at firmaet sidan 70-talet har visst at babypudderet var forureina med asbest.

– Dette er berre toppen av isfjellet, sa forbrukaradvokat Mark Lanier til Reuters.

J&J avviser skuldingane, og seier dei vil anke dommen.

Advokatane til J&J hevdar at dokumentet var feiltolka, og at ein aldri har funne at talkum har blitt forureina med asbest.

SISTE NYTT

Siste nytt