Hopp til innhold

Trumps eks-advokat skal ha gjort hemmelege opptak

Den tidlegare advokaten til Donald Trump, Michael Cohen, har ifølgje New York Times tatt opp ein samtale saman med Trump. Dei skal ha diskutert betaling til den tidlegare Playboy-modellen Karen McDougal.

Trump Playboy Playmate

Trump sin noverande advokat, Rudy Giuliani, kan bekrefte at lydopptaket finst.

Foto: Evan Vucci / AP

Ifølgje New York Times skal FBI ha eit lydopptak av ein samtale mellom Donald Trump og hans tidlegare advokat Michael D. Cohen.

FBI fann lydklippet då dei ransaka kontoret til Cohen tidlegare i år, og justisdepartementet undersøker no kor involvert Cohen har vore i saka. Dette melder advokatar og andre kjelder som er kjent med lydklippet til New York Times.

Samtalen skal ha funne stad to månader før presidentvalet i 2016.

Undersøker om det er ulovleg

Cohen vert etterforska for pengeutbetalingar som vart gjort til fleire kvinner under valkampen i 2016.

Michael Cohen

Ifølgje New York Times har Michael Cohen tatt eit lydopptak av ein samtale mellom han og Trump der dei har diskutert betalingar til Karen McDougal.

Foto: Seth Wenig / AP

Tidlegare i år kom det fram at pornoskodespelaren Stormy Daniels i 2016 skreiv under på ein avtale om at ho ikkje skulle snakke om forholdet sitt med Trump ti år tidlegare. Det fekk ho 130.000 dollar for.

No blir det undersøkt om desse betalingane braut føderale lover, og dei ønskjer å få snakka med presidenten om desse betalingane.

Bekreftar at lydopptaket finst

Den noverande advokaten til Rudy Giuliani, kan bekrefte ovanfor New York Times at lydopptaket finst. Han avkreftar at det vart gitt noko betaling til modellen, og meiner at Trump aldri har vore innblanda i ulovlege aktivitetar.

Giuliani seier til avisa at opptaket er under to minuttar langt, og ikkje syner at Trump har sagt eller gjort noko gale. Trump skal ha diskutert betalingar med Cohen, men påstår at betalinga aldri vart gjort.

FILES-US-POLITICS-INVESTIGATION-TRUMP

Playboy-modellen Karen McDougal skal ha hatt eit forhold med Donald Trump i 2006.

Foto: DIMITRIOS KAMBOURIS / AFP

Advokaten til Cohen, Lanny J. Davis, fortel til avisa at dei ikkje har noko kommentar om lydopptaket.

Ifølgje den tidlegare Playboy-modellen Karen McDougal, skal affæren med Trump ha vart i kring eitt år. Den byrja i 2006, like etter at Melania Trump fødde Trumps yngste son, Barron.

SISTE NYTT

Siste nytt