Hopp til innhold

USAs etterretningssjef prøver å tone ned sin eigen reaksjon

Måten etterretningssjefen reagerte på, då han fekk høyre at Donald Trump hadde invitert Vladimir Putin til USA, fekk mykje merksemd i media. No seier han at han ikkje meinte å vere respektlaus mot presidenten.

USA's etteretningssjef, Dan Coats, ble overrasket over nyheten om at Russlands President Vladimir Putin er invitert til det hvite hus til høsten

– Mitt pinlege svar var på ingen måte meint å vere respektlaust, eller kritisere handlingane til presidenten, sa USAs etterretningssjef, Dan Coats, på laurdag, ifølgje BBC.

Svaret han viser til kom under eit intervju med NBC to dagar tidlegare. Der fekk Coats høyre at Trump har invitert Putin til Washington C.D. til hausten.

Coats vart tydeleg overraska, og måtte spørje programleiaren om ho kunne gjenta det ein gong til. Han lo og skar ei grimase før han kommenterte.

– Det kjem til å bli spesielt, sa Coats til slutt.

Laster Twitter-innhold

Kjenner seg misforstått

Laurdag prøvde Coats å tone ned sin eigen reaksjon, og sa at han kjende seg misforstått.

Dan Coats

«PINLEG»: USAs etterretningssjef Dan Coats beklagar reaksjonen han kom med då han fekk vite at Trump har invitert Putin på besøk.

Foto: Kevin Wolf / AP

– Nokre medium har gitt eit feilaktig bilete av intensjonane mine då eg reagerte på nyheita som vart presentert for meg under eit direkteintervju, sa Coats.

Han heldt fram med å seie at han og etterretningstenesta støtta Trumps «innsats for å hindre russisk innblanding i vårt kommande val».

Det kvite huset i Washington D.C. har ikkje kommentert utsegna, men rådgjevarar skal ha vore rasande, ifølgje The Washington Post.

Krass kritikk

Trump har fått mykje kritikk for ikkje å ha vore tøffare mot den russiske presidenten under møtet i Helsingfors på måndag.

Både demokratar og republikanarar reagerte på at Trump ikkje ville stille seg bak konklusjonen til den amerikanske etterretninga om russisk innblanding i presidentvalet i 2016.

Dagen etter møtet sa Trump at det heile berre hadde vore ei forsnakking, og at han hadde brukt feil ord.

Donald Trump, Vladimir Putin

BOMMA PÅ ORDA: Donald Trump seier at han sa det motsette av det han eigentleg ønskte å seie i etterkant av møtet med Putin.

Foto: Pablo Martinez Monsivais / AP

Fare for lydopptak

I intervjuet med NBC var Coats forsiktig med å kritisere presidenten direkte. Han la likevel ikkje skjul på at åtferda til Trump under pressekonferansen hadde vore uheldig.

– Dersom presidenten hadde spurt meg om korleis ein skulle sette opp møtet, ville eg ha foreslått eit litt anna opplegg. Det er alltid ein fare for at Putin vil ta opp samtala på band, sa Coats.

SISTE NYTT

Siste nytt