Hopp til innhold

Våpenglade Maria frå Sibir kom inn i varmen i Washington – i fengsel til rettssaka startar

Russiske Maria Butina er skulda for å ha prøvd å infiltrere den amerikanske maktapparatet i Washington på vegner av Kreml. I kveld vart ho fengsla fram til rettssaka mot henne startar.

Maria Butina poserer med en automatrifle før NRAs årsmøte i april 2015.

Maria Butina var svært aktiv i National Rifle Association. Her poserer ho før årsmøtet i april 2015.

Foto: Maria Butina/Facebook

Det var måndag kveld norsk tid, like etter den mykje omtalte pressekonferansen med Donald Trump og Vladimir Putin i Helsingfors, at meldinga om arrestasjonen av Maria Butina vart gjort kjent.

Det kvite hus har gjort det klart at dei følgjer saka nøye.

Den 29 år gamle kvinna, fødd og oppvaksen i dei sibirske skogane, som ho sjølv har sagt det, var student ved American University i Washington DC til mai i år. I løpet av studietida i den amerikanske hovudstaden har ho vore i nær kontakt med fleire mektige politikarar frå Det republikanske partiet, og ho har vore spesielt aktiv i våpenorganisasjonen National Rifle Association (NRA).

Det er uklart når saka mot henne kjem opp.

– Direkte line til Putin

Maria Butina poserer med en maskinpistol med lyddemper våren 2017.

Eitt av mange bilete på Facebook der Maria Butina poserer med våpen. Dette er frå 2017.,

Foto: Maria Butina/Facebook

Den amerikanske påtalemakta meiner ho har tilbode sex for å innynde seg hos mektige menn i Washington. Ho skal ha sagt til medstudentar i Washington at ho nærmast hadde ei direkte line til Russlands president Vladimir Putin.

I ein offisiell kommentar frå russisk UD heiter det at arrestasjonen av Maria Butina berre er ein måte å undergrave dei positive resultata frå toppmøtet mellom Putin og Trump i Helsingfors.

Det synest å vere klart at Maria Butina i Russland har jobba tett opp mot Alexander Torsjin, ein støttespelar for Vladimir Putin og nestkommanderande for den russiske sentralbanken. FBI meiner også at ho har vore i kontakt med fleire russiske etterretningsoffiserar, blant anna frå FSB, etterfølgjaren til KGB.

Maria Butina fotografert sommeren 2015.

Maria Butina på eit Facebook-bilete frå 2017.

Foto: Maria Butina/Facebook

Det amerikanske føderale politiet meiner at Butina har vore ein «ulovleg agent i ein russisk aksjon for å skaffe seg innverknad på amerikansk politikk».

Romantisk forhold med politikar

Dokument som vart presenterte i retten, viser at 29-åringen saman med Torsjin, starta planlegginga alt i 2011. Då møtte Torsjin presidenten i National Rifle Association, samstundes som Butina tok initiativet til å starte opp ein liknande organisasjon i Russland, «Retten til å bere våpen».

I 2013 vart ho kjent med ein kjent republikansk politikar og dei innleidde eit romantisk forhold. Gjennom denne politikaren skal ho ha fått tilgang til fleire maktpersonar i Washington, og ho greidde å få livsvarig medlemskap i National Rifle Association.

I juli 2015 vart ho valt av NRA til å stille spørsmål til Donald Trump under ein kongress i Las Vegas. Ho spurde han blant anna om kva planar han hadde for forholdet med Russland.

Maria Butina på en våpenmesse i USA i 2015.

Maria Butina på ei våpenmesse ein stad i USA i 2015.

Foto: Maria Butina/Facebook

– Tilbod om sex

I dokumenta som blei lagde fram for domstolen onsdag går det fram at Butina prøvde å få jobb i ei viktig lobbygruppe i Washington, og at ho tilbaud sex for å nå målet sitt.

I ei direktemelding på Twitter skal Alexander Torsjin ha skrive til henne at «Dette er kampen for framtida og vi kan ikkje tape. For då vil alle tape».

I tiltalen heiter det blant anna at Butinas og Torsjins mål var på ein nedrig måte infiltrere det amerikanske maktapparatet for å fremje russiske interesser.

Trump: – Noen vil heller ha krig med Putin enn at jeg kommer overens med ham

Trump gjør helomvending om Russland-uttalelse: – Jeg trodde det var opplagt

Putin: – Russland har ikke noe «dritt» på Trump

SISTE NYTT

Siste nytt