President Emmanuel Macron og kona, Brigitte Macron, kom til USA måndag kveld, og starta statsbesøket med privat middag med president Donald Trump og førstedame Melania Trump i Mount Vernon.
Tysdag blei Macron ønskt velkommen til Det kvite hus, der han hadde politiske samtalar med Donald Trump.
Vil ha ny Iran-avtale
Det var venta at Macron under samtalane i Washington ville prøve å overtyde Trump om ikkje å trekkje seg frå atomavtalen med Iran, ein avtale som blei forhandla fram av USA, Russland, Kina, Storbritannia, Frankrike, Tyskland og EU. Avtalen gir internasjonalt innsyn i det iranske atomprogrammet.
Trump har lenge trua med å gå ut av avtalen dersom avtalen ikkje blir gjort strengare innan 12. mai, då han skal opp til ny vurdering.
Og då media fekk møte dei to i Det ovale kontor, la ikkje Trump skjul på kva han meiner om atomavtalen.
– Avtalen er ein katastrofe. Avtalen skulle aldri vore signert, sa han.
På ein felles pressekonferanse etter samtalane la Emmanuel Macron fram ein ny plan.
– Frankrike vil arbeide for å få på plass ein ny atomavtale med Iran, og vi skal samarbeide med USA om dette, sa Macron.
- Les Urix forklarer:
Den nye avtalen kan ifølgje Macron bli eit supplement til den eksisterande avtalen, som tok til å gjelde i januar 2016. Ein ny avtale skal mellom anna regulere kva som skal skje med det iranske atomprogram etter 2025.
Trump sa at han var open for å gjere noko med Iran-avtalen, berre det er «velfundert». Men han var lite konkret.
– Vi får sjå kva vi gjer den 12. mai, sa Trump, og la til:
– Dersom Iran truar oss, vil dei måtte betale ein svært høg pris.
Skryter av Kim Jong-un
På pressekonferansen var også forholdet til Nord-Korea eit tema. Trump sa at han arbeider for ei framtid med fred på den koreanske halvøya. Men han understreka at presset mot Nord-Korea vil bli halde oppe.
– Vil vil at dei skal kvitte seg med atomvåpena sine, sa Trump.
Men Trump la ikkje skjul på at han har sans for den nordkoreanske presidenten, Kim Jong-un.
– Kim Jong-un er svært open og ærleg, sa Trump. Han la til at han håpar det planlagde toppmøtet mellom dei to kan finne stad så snart som råd.
Forutan Iran-avtalen, har blant anna dei nye amerikanske tollsatsane, krigen i Syria og klimaavtalen frå Paris vore tema i samtalane mellom Trump og Macron.
- Les også:
- Les også:
Seinare tysdag skal Emmanuel Macron tale i den amerikanske Kongressen, og om kvelden er det statsmiddag i Det kvite hus.