Ghazipur Landfill Site og Ghazipur Waste to Energy Plant (til høyre), Delhi

Ghazipur Landfill Site, med sine 65 meter, ruvar godt i bybiletet i Delhi. Til høgre ser vi Ghazipur Waste to Energy Plant, som etter planen skal vere med på å behandle avfallet når fjellet skal vekk.

Foto: Eivind Molde / NRK

Dette søppelfjellet skal vekk

DELHI/MUMBAI/AHMEDABAD (NRK): Eit 65 meter høgt fjell av søppel, tonnevis av plast på strendene og elvar fulle av søppel. No skal India rydde opp.

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

62 millionar tonn avfall i året. Enorme mengder usortert søppel går rett på fyllinga.

Kva skal 1,3 milliardar menneske gjere med alt søppelet sitt? Bli med til fire stader der det blir gjort noko for å løyse problemet!

1. Fjerna 4000 tonn søppel frå stranda

Dana Pani Beach utanfor Mumbai er full av folk. Fleire hundre frivillige har komme hit denne laurdagen. Dei skal vere med på å rydde stranda for søppel.

Slik er det vanlegvis kvar helg her. Akkurat no har koronapandemien sett ryddeaksjonen mellombels på pause. Men snart skal dei vere i gang igjen. Og dei vil ikkje gi seg før alt av plast og anna søppel er fjerna.

Tannlege Jaya Rathore stiller alltid opp så sant ho kan. Straks ho kjem ned på stranda, tar ho på seg plasthanskane, og set i gang.

– Det er kanskje ikkje eg som har kasta akkurat denne plasten i havet. Men dette gjeld oss alle. Vår generasjon har forsøpla, og vi må rydde opp. Det finst ingen annan utveg. For meg er dette enkelt: Eg har forsøpla, eg må rydde opp. Det skjer ikkje av seg sjølv, seier ho.

Jaya Rathore er inspirert av Afroz Shah, advokaten som blei miljøaktivist, og starta det heile.

Då han kjøpte seg ny leilegheit med utsikt mot nabostranda Versova Beach, bestemte han seg for at noko måtte gjerast. Og frå 2015 til 2018 blei 4000 tonn avfall fjerna.

Her ser vi Versova Beach før og etter oppryddinga. Video: Afroz Shah Foundation.

Oppryddinga på Versova Beach blir omtalt som verdas største strandryddeprosjekt. Afroz Shah har inspirert tusenvis av menneske rundt om i verda til å gjere ein innsats.

Advokat og miljøaktivist Afroz Shah på Dana Pani Beach, Mumbai, India

Advokat og miljøaktivist Afroz Shah på Dana Pani Beach.

Foto: Eivind Molde / NRK

Han er superkjendis i India og har fått fleire internasjonale prisar, som Champion of the Earth (FN).

Etter Versova Beach blei Mithi River rydda. No er det altså Dana Pani Beach som skal bli rein.

– Det vi ser, er ei tragisk øydelegging av havet og strendene. Det er symbolsk for den tida vi lever i, seier Afroz Shah.

Shah meiner det er avgjerande kva haldning vi alle har til miljøet.

– Vi bør sjå på det vi har rundt oss som «min planet», «mitt hav», «mi strand», «mi elv». Når ein får same forhold til dette som til familien, arbeidsplassen eller bilen, då kan det løyse seg. Vi treng handling meir enn ord. Tida for prat er over. Alle må gjere noko. Heime og i miljøet rundt oss, seier Afroz Shah på Dana Pani Beach.

Strandrydding på Dana Pani Beach, Mumbai, India

Fleire hundre frivillige fjernar plast og anna søppel frå Dana Pani Beach.

Foto: Eivind Molde / NRK

2. Hentar avfall med sykkelen

Vi er heime hos ekteparet Swarn Bhatia og Krishan Lal Bhatia i Navjeevan Vihar i New Delhi. Det siste året har dei sortert alt hushaldningsavfallet sitt. Det er ikkje vanleg i India.

Ekteparet Swarn Bhatia og Krishan Lal Bhatia i Navjeevan Vihar, New Dehli

Swarn Bhatia og Krishan Lal Bhatia sorterer hushaldningsavfallet.

Foto: Eivind Molde / NRK

Men no blir det innført fleire og fleire stader.

– Vi gjer dette fordi vi vil forureine minst mogeleg. Dette er bra for miljøet, seier Swarn mens ho førebur måltidet saman med mannen.

Tre menn med spesialbygd sykkel har ansvar for å samle inn og handtere avfallet. Dei har også andre oppgåver, som å halde gatene reine.

Mennene får lønna si frå det lokale velferdsfondet, som alle husstandar betaler inn til. Kvar av dei tener i underkant av 2000 kroner i månaden på denne jobben. I tillegg kan dei selje det tørre avfallet, som plast, metall og glas, og ta inn ein tusenlapp på toppen av dette.

– På denne måten kan desse tre mennene sikre seg ein betre levestandard enn dei hadde før, seier Madhusudan Hanumappa.

Då kunne dei tene opp mot 1200 kroner i månaden.

Søppelhenting med sykkel i Navjeevan Vihar, New Dehli

Søppelhenting med sykkel i Navjeevan Vihar, New Delhi.

Foto: Eivind Molde / NRK

Han er Delhi-sjef i organisasjonen ITC Well Being out of waste, som organiserer det heile. Prosjektet her skal bli ein modell for tilsvarande løysingar andre stader.

– Vi vil gjennomføre det etter same mønster i mange bydelar i New Delhi, fortel Hanumappa.

Han understrekar at det er nødvendig med ei haldningsendring dersom planane skal lukkast.

Madhusudan Hanumappa, Delhi-sjef, ITC Well Being out of waste

Madhusudan Hanumappa, Delhi-sjef, ITC Well Being out of waste.

Foto: Eivind Molde / NRK

– Vi arbeider med å endre haldningane til søppelhandtering. Kjeldesortering må bli like naturleg som å pusse tennene.

– Tanken er at dersom eg tar ansvar for mitt søppel, blir det mindre avfall i min bydel og i min by, og ein unngår at avfallet hamnar på søppelfjellet, i elva, i havet, på stranda. Det blir meir leveleg for oss alle.

Målet er at ingen ting skal hamne på søppelfyllingane, at alt avfall frå husstandane skal sorterast og handterast.

– Vi er luta lei alle søppelfyllingane, av den fæle lukta, av forureina jord, vatn og luft. Luftforureining er som kjent eit stort problem i New Delhi. Og det blir berre verre som følgje av alle søppelfyllingane, seier Hanumappa.

3. Søppelfjell kan bli økopark

Det er meir eller mindre paddeflatt i Delhi, eit storbyområde med rundt 30 millionar innbyggjarar. Men her i Ghazipur, nordaust i Delhi, er det ein fjellformasjon som ruvar godt over byen. Det er eit fjell av søppel.

Det stinkar. Det forureinar luft, jord og elvar.

Vi står ved foten av fjellet. Det er eit spesielt syn. Fuglane flyg tett oppover «fjellsidene». Her finn dei rikeleg av det dei er ute etter.

Men det er også folk der oppe. Mange livnærer seg ved å plukke søppel og selje det vidare. I 2017 omkom to menneske og fem blei skadde då det gjekk eit stort ras i fjellet.

Ghazipur Landfill Site, Delhi

Ghazipur Landfill Site – eit søppelberg av dimensjonar.

Foto: Eivind Molde / NRK

Ghazipur Landfill Site er det største søppelfjellet i India. Det er 65 meter høgt, inneheld rundt 14 millionar tonn avfall, er bygd opp over ca. 35 år.

Det er snart like høgt som det verdskjende mausoleet Taj Mahal i Agra (73 meter).

Det blir dumpa meir enn 2000 tonn avfall her kvar dag. Minst tre millionar menneske bur innanfor ein radius på ti kilometer frå fyllinga. Ifølgje undersøkingar er deponiet ein alvorleg helserisiko for dei som bur like ved.

Men om nokre år kan fjellet vere historie.

Adm. direktør Mahesh Babu, IL&FS Environment

Adm. direktør Mahesh Babu, IL & FS Environment.

Foto: Eivind Molde / NRK

– Det er heilt avgjerande å få gjort noko med søppelfjellet. Vi startar no eit pilotprosjekt over 18 månader, for å finne ut korleis vi kan bli kvitt alt søppelet som har hopa seg opp der. Målet er at heile fjellet skal vere vekke om fem år. Vi håpar det skal kunne bli ein såkalla økopark i dette området, fortel Mahesh Babu, administrerande direktør i IL & FS Environment.

Selskapet driv Ghazipur Waste to Energy Plant, som ligg like ved søppelfjellet. Anlegget blei opna for fire år sidan, og tar imot og handterer 1300 tonn avfall kvar dag, avfall som elles ville hamna på deponiet.

No er planen altså at dei skal ta fatt på dette svære berget av søppel som ligg like bak anlegget. Arbeidet skal skje i samarbeid med norske Sintef.

– Vi skal vere tekniske og vitskapelege rådgjevarar, og skal blant anna undersøkje effektiviteten og miljøgevinsten av å bruke avfall frå Ghazipur til å erstatte kol i sementindustri, i kraftverk og i forbrenningsanlegg, seier sjefforskar i Sintef, Kåre Helge Karstensen.

Kåre Helge Karstensen, Sintef

Sjefforskar Kåre Helge Karstensen, Sintef.

Foto: Sintef

Målet er å finne ut kva som er realistisk og ikkje realistisk å få til ved å utnytte mest mogeleg av alt avfallet som ligg i fyllinga. For eksempel å bruke brennbart avfall som inneheld energi, samt plast som ikkje kan resirkulerast, som eit brennstofftilskot (kolerstatning) i energiintensiv industri som sementproduksjon eller kraftverk.

Dessutan å sjå korleis avfallet skal kunne utnyttast til vegunderlag, eventuelt til byggjemateriale, å gjenvinne metall og glas, og å utnytte sand og grus i konstruksjon osv.

– Dette kan i beste fall føre til eit paradigmeskifte i måten avfall blir handtert på i India, frå å vere eit problem til å bli ein ressurs, seier Kåre Helge Karstensen. Og han legg til:

– Mahatma Gandhi sa i si tid at «avfall er ein ressurs på avvegar».

I Delhi er forventingane store. Forskingsinstituttet RTI International følgjer prosjektet tett, og skal bidra som rådgjevarar i prosessen.

– Dette er ei av dei største søppelfyllingane i verda, og den ligg mindre enn 15 kilometer frå sentrum av New Delhi. Derfor er oppryddinga her i Ghazipur strategisk viktig. Når vi får rydda opp her, vil lufta, vatnet, jordbruksområda og dermed også maten vår bli reinare. Og erfaringane herifrå vil bli svært viktige når ein skal ta fatt på liknande prosjekt over heile landet, seier Gaurav Bhatiani, som er energi- og miljødirektør i RTI International.

4. Reinsar opp i elvane

Ved Sabarmati River i Ahmedabad står ein indisk professor, to norske forskarar og ein student og ser ut over den store elva som flyt sakte ut mot kysten i vest.

Store mengder søppel har stoppa opp ved ein holme. Vatnet som renn ut frå ei sideelv er kraftig forureina, og det luktar vondt. Ikkje langt unna ligg eit svært berg av søppel, Pirana Landfill Site.

Indiske og norske forskere ved Sabarmati River, Ahmedabad, Gujarat

Norske og indiske samarbeidspartnarar med tiltak for reinare elvar i Gujarat. Frå venstre: Frivillig medarbeidar Hemal Jagdishbhai Parmar, organisasjonen Paryavaran Mitra, forskar og prosjektleiar Eirik Steindal, NIVA, professor Paromita Chakraborty, SRM Institute of Science and Technology, forskingsleiar Marianne Olsen, NIVA.

Foto: Eivind Molde / NRK

Dei har ein plan, dei har eit prosjekt på gang som kan føre til at elvane blir reinare. Målet er å bidra til å redusere omfanget av forsøpling, og spesielt å få ned transporten av plastsøppel som elvane tar med seg til havet.

Kart over India. Byen Mumbai og elvene Tapi og Daman Ganga.
Grafikk: Lene Sæter / NRK

Prosjektet skal gjennomførast i elvane Tapi og Daman Ganga her i Gujarat, delstaten som i 2010 blei rangert av styresmaktene som den mest forureina i India.

Eit viktig mål er å kartleggje kor mykje plast elvane transporterer, og kvar plasten kjem frå. Og forskarane skal måle omfanget av kjemikaliar i elvane og nedbørsfelta.

Daman Ganga renn gjennom byen Vapi, der vi finn det største industriområdet i Gujarat. Her er det blant anna mykje kjemisk industri. Papirproduksjonen her genererer nesten 400 tonn plastavfall kvar einaste dag.

Elva Tapi renn ut i havet ved den viktige industribyen Surat, ein av dei byane i verda som har raskast vekst. 60 prosent av indiske klede som blir laga av polyester, blir produserte i Surat.

Professor Paromita Chakraborty ved SRM Institute of Science and Technology i Chengalpettu er ein av dei sentrale forskarane i prosjektet, som har fått namnet Inopol.

Professor Paromita Chakraborty ved SRM Institute of Science and Technology ved Sabarmati River, Ahmedabad, Gujarat

Professor Paromita Chakraborty, SRM Institute of Science and Technology.

Foto: Eivind Molde / NRK

– Etter det eg veit, vil Inopol vere det første prosjektet i sitt slag i India, der vi samlar data om plastforsøpling og miljøgifter langs elvane som renn gjennom det største kjemiske industriområdet i Vapi og senteret for indisk tekstilproduksjon i Surat, seier Chakraborty.

Ho har store forventningar til resultatet.

– Prosjektet vil utan tvil bli viktig i arbeidet med å skape eit berekraftig elvemiljø midt i dei store industriområda her i Gujarat. Dette vil også vere viktig kunnskap for andre indiske statar, der det er nødvendig å gjennomføre tiltak for å sikre at industriell vekst kan skje på ein berekraftig måte.

Inopol er eit samarbeidsprosjekt mellom fleire indiske forskingsinstitusjonar og norske NIVA, som leier prosjektet. Det er ein del av det norsk-indiske Marine Pollution Initiative.

Forskar Eirik Steindal er prosjektleiar for NIVA sitt samarbeid med India.

Eirik Steindal, NIVA, ved Sabarmati River, Ahmedabad, Gujarat

Forskar Eirik Steindal, NIVA.

Foto: Eivind Molde / NRK

– NIVA ønskjer å bidra til å redusere plastforureining i Asia. Det gjer vi dels gjennom å bruke den erfaringa vi har frå Noreg og andre land til å betre kunnskapsgrunnlaget rundt slik forureining i India, og dels gjennom å byggje opp kapasitet hos lokale styresmakter og forskarar, seier Steindal.

Han seier at både indiske styresmakter og organisasjonar er tydelege på at dei treng meir og betre kunnskap for å handtere problemet.

Han understrekar at det er viktig å sjå utfordringane på land, i elvane og i havet i samanheng.

– Berekningar viser at 80 prosent av plasten i havet kjem frå land. Tiltaka for reinare elvar, og dermed også reinare hav, må setjast i verk på land, seier Steindal.

Plast i elv i Gujarat, India

Plast ved breidda av Tapi, i byen Surat.

Foto: Marianne Olsen / NIVA

Er det overkommeleg, dette?

Miljø-, skog- og klimaminister Prakash Javadekar, India

Miljø-, skog- og klimaminister Prakash Javadekar.

Foto: Eivind Molde / NRK

Vi har no vore innom fire stader i India og sett eksempel på ting som blir gjort for redusere søppelproblemet. Men utfordringane er enorme, for landet er stort – det nest mest folkerike i verda.

Vi møter Prakash Javadekar, som er miljø-, skog- og klimaminister i India. Og spør kva styresmaktene har gjort, og vil gjere med dette.

– India har gjort mykje for å løyse avfallsproblema dei siste fem åra. Vi har revidert reglane for avfallshandtering, og gjennomfører dette no, seier han.

Javadekar meiner det er grunn til optimisme når ein ser på dei tiltaka som er i ferd med å bli gjennomførte.

– Vi er i gang med kjeldesortering i husstandane i New Delhi. Vi utvidar avfallshandteringa til også å omfatte 600.000 landsbyar. Vi tar i bruk ny teknologi for å omgjere avfall til energi. Vi gjennomfører tiltak for å unngå at store mengder plast skal hamne i havet. Og vi er i gang med å fjerne store søppeldeponi, seier han.

Han legg til at India har som mål å vere eit førebilete for andre land når det gjeld gode løysingar for avfallshandtering.

I Ahmedabad ligg Pirana Landfill Site, eit av fleire store søppelfjell i India. Det er også mykje søppel langs vegane her.

Atul Bagai er India-sjef i FNs miljøprogram, UNEP i India. Han legg ikkje skjul på at situasjonen er utfordrande.

Sjef for UNEP i India, Atul Bagai

Sjef for FNs miljøprogram (UNEP) i India, Atul Bagai.

Foto: Eivind Molde / NRK

– Avfallshandtering og luftforureining er blant dei største miljøproblema vi har her i India. Ghazipur er eit eksempel på kor ille det er, seier han.

Han meiner det må svært kraftfulle tiltak til for å få bukt med problemet.

– Det er behov for ei fundamental endring i måten India handterer avfall på. Utfordringa er å få til avfallshandtering på «hushaldsnivå». Desentralisert avfallshandtering og sortering i heimane vil utan tvil føre til at søppelberga rundt om i India vil bli reduserte. Dette er eitt av nøkkelpunkta for å få bukt med avfallsproblema i India, seier Bagai.

Og nok ein gong er haldningsendring eit viktig stikkord for dei vi snakkar med.

– Marin forsøpling er ein global trussel. Men hovudutfordringa er ikkje berre havet og strendene, men kva vi gjer på land. Løysinga for havet ligg på land. Eg har tru på ei haldningsendring, at folk vil ta meir individuelt ansvar. Eg ser ei endring. Styresmaktene gjer meir, og lokalsamfunna engasjerer seg, seier UNEP-sjefen.

Bagai har tru på at det som no er eit gedigent problem, på sikt kan bli snudd til noko veldig positivt for India.

– Problemet er så enormt at dette vil ta tid. Men får vi det til, har eg tru på millionar av grøne arbeidsplassar innan avfallshandtering, blant anna i arbeidet med å utnytte avfallet til energi og andre formål.