Statsministeren ber folk følge med etter at PST avdekka det dei meiner er fiendtleg etterettning fleire stader i vest.
Programleiar er Jan Børge Leirvik.
Brannvesenet melder at dei rykkjer ut til ein brann på Voss. Det skal brenne i ei hytte i Langedalsvegen.
– Full fyr i tak, skriv brannvesenet på X.
Kort tid etter melder politiet at det ikkje er meldt om nokon skadde personar. Personane som var i hytta har kome seg ut.
Brann-sponsor Fjordkraft vil dekke alle utgifter klubben fekk etter dei blei bøtelagt av Uefa, melder TV 2.
Brann fekk ei bot på 5000 euro etter at supporterane ropte «Uefa mafia» undervegs i Champions League-møtet med St. Pölten. Dei fekk ny bot i kvartfinalen mot Barcelona då det blei halde opp banner med same bodskap.
Etter Brann anka, er bøtene og kostnadane på rundt 11.000 euro, eller 120.000 kroner.
TV 2 skriv at dersom fansen skulle gjenta bodskapet slik at det blir fleire bøter, så er det ikkje bestemt kva sponsoren vil gjere.
Naudetatane rykte i 17-tida ut til grasbrann på Søfteland i Bjørnafjorden.
Det brann i ei skråning i Ulvenvegen. Brannvesenet på staden melde om opne, høge flammar.
Klokka 17.24 hadde brannvesenet kontroll på brannen, og det var ikkje behov for evakuering av bebuarar i området.
Politiet har meldt på X at dei har kontroll på ein person som er mistenkt for å ha starta brannen ved å tenna på noko gras.
Klokka 19.03 melde politiet at naudetatane var ferdige på staden og at politiet opprettar sak.
Nødetater rykker ut etter melding om en trafikkulykke ved Uggdal på Tysnes. En fotgjenger har blitt påkjørt av en personbil, ifølge politiet.
Fotgjengeren skal være våken og ved bevissthet, men det er foreløpig uvisst skadeomfang. Vedkommende får hjelp av lege på stedet.
Fylkesvei 549 er stengt ved Uggdal kirke som følge av ulykken.
Den som mener seg rammet av urettmessig publisering, oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Pressens Faglige Utvalg (PFU) er et klageorgan oppnevnt av Norsk Presseforbund som behandler klager mot mediene i presseetiske spørsmål.